Informasjon om lokale kurs og utdanningar som gjennomførast desentralisert og fleksibelt finn du her.
Filter:
Vel kategori:
UiB og SLATE tilbyr tre nettbaserte masteremne om menneske og kunstig intelligens hausten 2026. Emna handlar om menneske-KI-system, KI for læring og dataanalyse, og kan takast enkeltvis eller som fleire emne same semester. Tilbodet er nettbasert og på deltid, og kan vere relevant for personar i arbeid som ønskjer meir kompetanse om KI, læring og digitale miljø.
Les meir
UiB og SLATE startar hausten 2026 eit nytt nettbasert mikroemne om trygg og pedagogisk bruk av KI i skulen. Emnet passar særleg for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, men kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med undervisning og kompetanseutvikling. StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen, slik at deltakarane kan dele erfaringar og knyte innhaldet til eigen praksis.
Les meir
Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.
Les meir
Hausten 2026 kan du ta tre korte, nettbaserte DIGI-emne innan programmering, kunstig intelligens og data og demokrati. Emna gir 2,5 studiepoeng kvar og passar for deg som ønskjer fleksibel kompetanseheving ved sida av jobb eller andre forpliktingar. Påmelding opnar 18. mai.
Les meir
Universitetet i Bergen tilbyr nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi. Emna er på 2,5 studiepoeng, opne for alle og kan takast ved sidan av jobb. Dei to første emna startar hausten 2026 og handlar om berekraft i praksis og klima, konsekvensar og løysingar.
Les meir
Ei gratis fagskuleutdanning på 30 studiepoeng for deg som jobbar i oppvekstsektoren og ønskjer meir kompetanse i førebygging, trygg handtering og rettleiing i møte med utfordrande situasjonar. Oppstart 15. september 2026 i Nordfjord.
Les meir
No kan du ta bachelor i elektroingeniør på deltid i Førde. Studiet er nett- og samlingsbasert og gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb. Vel mellom spesialisering i automatisering og robotikk eller elkraftteknikk.
Les meir
Mikroemnet Korleis forstår vi utfordrande åtferd (5 studiepoeng) gir deg kunnskap om autoritativ rolle, sosial og emosjonell læring og inkluderande praksis. Studiet er digitalt og fleksibelt, og kan kombinerast med jobb.
Les meir
Årsstudiet i berekraftig økonomi og leiing ved NMBU gir deg ei grunnleggjande innføring i økonomi, organisasjon og leiing. Studiet er fleksibelt nettbasert og kan gjennomførast på heiltid (1 år) eller deltid (2–4 år).
Les meir
Fagskuleutdanninga Utviklingshemming, miljøarbeid og aldring (60 studiepoeng) gir spesialisert kompetanse i møte med ei aldrande brukargruppe. Oppstart i 2026.
Les meir
Vidareutdanninga Politikk, makt og juss (10 studiepoeng) gir innsikt i stats- og kommunalkunnskap og forvaltningsrett. Studiet startar hausten 2026 og er relevant for tilsette i offentleg sektor.
Les meir
Vidareutdanninga Brennpunkt Midtausten (15 studiepoeng) gir fordjuping i Palestina–Israel-konflikten og politisk utvikling i regionen. Studiet startar hausten 2026 ved Høgskulen i Volda.
Les meir
Vidareutdanninga GIS og kartkunnskap i arealplanlegging (10 studiepoeng) gir grunnleggjande kompetanse i bruk av GIS som planverktøy. Studiet er relevant for kommunal sektor og startar i 2026.
Les meir
Praksisnær rettleiing i helse- og omsorgstenesta er ein modul på 10 studiepoeng for helsefagarbeidarar som ønskjer å styrkje kompetansen sin i rettleiing, kommunikasjon og læring i praksis. Utdanninga blir tilbydd av Fagskolen Aldring og helse i samarbeid med Fagskulen Vestland og SIV Studiesentera i Vestland, og kan gjennomførast nettbasert med fysiske samlingar. For deltakarar i regionen kan dei fysiske samlingane bli lagde til studiesenteret dersom det er nok påmelde.
Les meir
Demens og utfordrande åtferd er ein modul på 10 studiepoeng for helsefagarbeidarar i helse- og omsorgstenestene. Utdanninga gir kunnskap om demens, APSD, kartlegging, tiltak og personsentrert omsorg. Studiet er nettbasert med fysiske samlingar, og i Vestland blir det lagt til rette for hybrid deltaking ved Studiesentera i Vestland og hos oss.
Les meir
Vidareutdanninga Helserett i kommunen (15 studiepoeng) gir grunnleggjande kompetanse i sakshandsaming og forvaltning i kommunal helse- og omsorgsteneste. Oppstart hausten 2026 ved Høgskulen i Volda.
Les meir
Deltidsstudium i sjukepleie startar i Førde hausten 2026. StudieHub legg til rette for lokal deltaking og praksis i regionen, slik at fleire kan ta bachelorutdanning medan dei står i jobb.
Les meirØnsker du å få oppdateringar frå oss i StudieHub - Fjordane Studiesenter? Vi delar gjerne tips og idear knytt til fleksibel og livslang læring med deg!
Meld deg på her