Vil du styrkje den digitale kompetansen din? Hausten 2026 kan du ta korte, nettbaserte DIGI-emne innan programmering, kunstig intelligens og data og demokrati.
Foto: Photo by Growtika on Unsplash
Hausten 2026 går tre av DIGI-emna til UiB Videre. Emna er korte, nettbaserte og gir 2,5 studiepoeng kvar. Dei passar for deg som ønskjer fagleg påfyll innan aktuelle digitale tema, og som vil kombinere utdanning med jobb, kvardag og andre forpliktingar.
Påmelding opnar 18. mai.
Kort om emna
| Emne | Tema | Oppstart | Studiepoeng | Format |
|---|---|---|---|---|
| DIGI611 Algoritmar og programmering | Programmering, Python og algoritmisk tenking | 21. september 2026 | 2,5 | 100 % nettbasert |
| DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens | KI, maskinlæring, generativ KI og etikk | 15. oktober 2026 | 2,5 | Nettbasert |
| DIGI615 Data og demokrati | Digitale data, makt, plattformer og demokratiske verdiar | 15. september 2026 | 2,5 | Nettbasert |
Kort om emnet
I emnet DIGI611 Algoritmar og programmering får du ei praktisk og grunnleggjande innføring i programmering og algoritmisk tenking med Python. Du lærer korleis program blir bygde opp steg for steg, og korleis du kan bruke kode til å løyse enkle problem og arbeide med data.
Etter fullført emne skal du kunne skrive og køyre enkle program, tolke feilmeldingar, feilsøke enkle program, lagre data på ulike måtar og utføre enkle behandlingsoperasjonar på datasett. Du skal også kunne forstå enkle program som er skrivne av andre.
Emnet passar for deg som ønskjer eit praktisk første møte med programmering, eller som vil byggje eit betre grunnlag for vidare læring innan programmering og algoritmar.
Emnet er organisert i fire modular. Kvar modul inneheld praktiske videoar, kodeeksempel, korte oppsummeringar, øvingar og obligatoriske quiz. Du kan arbeide i eige tempo og be om hjelp når du treng det, anten skriftleg eller i digitale hjelpetimar kvar veke.
For å bestå emnet må du ha gjennomført og bestått quizane knytte til kvar modul. Du kan ta quizane fleire gonger, bruke alle hjelpemiddel, og beste resultat tel. Det er ingen avsluttande eksamen i tillegg.
Kort om emnet
Kunstig intelligens blir teken i bruk på stadig fleire område i samfunnet. Det skaper både forventningar og uro for korleis teknologien vil påverke arbeidsliv, kvardag og samfunnsutvikling framover.
I DIGI614 Grunnkunnskap om kunstig intelligens får du ei innføring i bakgrunnen for utviklinga av kunstig intelligens, nokre av prinsippa bak viktige former for dagens KI, og nokre av utfordringane teknologien reiser.
Emnet tek mellom anna føre seg utviklinga av KI fram til i dag, rolla data spelar i KI, sentrale tilnærmingar til maskinlæring, generativ KI og språkmodellar, KI si rolle i avgjerder, etiske utfordringar og forsøk på regulering.
Emnet passar for deg som ønskjer betre forståing av kunstig intelligens, anten du møter KI i arbeidslivet, i studium, i samfunnsdebatten eller i kvardagen.
Undervisninga er organisert i seks modular over totalt åtte veker. Til kvar modul er det tekst og digitale førelesingar om eitt eller fleire tema. Du skal løyse ei oppgåve i form av quiz for kvar modul. Når du har gått gjennom alle modulane og bestått alle quizane, er emnet fullført og bestått. Det er ingen avsluttande eksamen i tillegg.
Kort om emnet
Digitale data pregar stadig større delar av samfunnet, både i institusjonar, arbeidsliv og kvardagsliv. Dette gir nye moglegheiter, men kan også utfordre demokratiske verdiar.
I DIGI615 Data og demokrati lærer du om forholdet mellom demokratiske verdiar og digitale data. Emnet tek opp aktuelle spørsmål som: Bidreg sosiale medium til aukande polarisering? Kvifor er det eit problem at store teknologiselskap samlar store mengder data om oss? Og kva betyr digital suverenitet for samfunn som det norske?
Tema i emnet er mellom anna polarisering i sosiale medium, data som handelsvare, makt over digitale nettverk og plattformer, digital suverenitet, rettferd i algoritmiske avgjerder, kontroll over personopplysningar, desinformasjon og falske nyheiter.
Emnet passar for deg som er oppteken av teknologi, samfunnsutvikling, demokrati og makt. Det kan vere relevant både for studentar, tilsette i offentleg og privat sektor, leiarar, rådgivarar og andre som ønskjer å forstå meir av korleis digitale data påverkar samfunnet.
Undervisninga består i hovudsak av podkastar og korte videoførelesingar. Til kvar modul er det ein quiz, der du får vurderinga bestått eller ikkje bestått. Når du har gått gjennom alle modulane og bestått alle oppgåvene, har du fullført og bestått emnet. Det er ingen avsluttande eksamen i tillegg.
DIGI-emna er nettbaserte og fleksible. Det gjer dei aktuelle for deg som ønskjer å byggje kompetanse utan å måtte reise bort eller setje jobb og kvardag på pause.
StudieHub – Fjordane Studiesenter arbeider for at fleire i Nordfjord og Sunnfjord skal få tilgang til relevant utdanning og kompetanseheving der dei bur. Vi legg til rette for lokale læringsfellesskap, møteplassar og leseplassar i Studentstovene i regionen. Sjølv om emna er nettbaserte, kan det vere verdifullt å møte andre studentar lokalt, arbeide saman og vere del av eit fagleg fellesskap.
Påmelding til DIGI-emna hausten 2026 opnar 18. mai.
Du kan lese meir om innhald, undervisning og vurdering i emnebeskrivingane for kvart emne her.
Sist oppdatert: 06.05.2026
Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.
Les meir
Universitetet i Bergen tilbyr nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi. Emna er på 2,5 studiepoeng, opne for alle og kan takast ved sidan av jobb. Dei to første emna startar hausten 2026 og handlar om berekraft i praksis og klima, konsekvensar og løysingar.
Les meir
Ei gratis fagskuleutdanning på 30 studiepoeng for deg som jobbar i oppvekstsektoren og ønskjer meir kompetanse i førebygging, trygg handtering og rettleiing i møte med utfordrande situasjonar. Oppstart 15. september 2026 i Nordfjord.
Les meir