Scroll top

Studentstova

Ei studentstove er noko så enkelt som ein gratis leseplass for deg som studerer desentralisert. Om du bur her, eller bare er på besøk og treng ein plass for å studere, så har vi leseplass til deg!

Få oversikt over stovene

Student i Nordfjord og Sunnfjord

Er du student og bur i Nordfjord og Sunnfjord? StudieHub - Nordfjord Studiesenter kan hjelpe deg lokalt med praktiske forhold samt studieteknisk støtte. Kontakt gjerne leiar Kari, via e-post eller telefon, dersom du har spørsmål knytt til kva vi eventuelt kan støtte deg med. Vår målsetting er å legge til rette for eit aktivt og lokalt studentmiljø for deg som tar utdanning og bur i Nordfjord og Sunnfjord. Vi har, i samarbeid med Nordfjordkompaniet og kommunane, etablert studentstovar i Stryn, Sandane, Iglandsvik, Hornindal, Selje og på Nordfjordeid, og jobbar for å få fleire "stover" opp å gå i Nordfjord. Her kan du bestille deg eigen leseplass med tilgang til skjerm, tastatur, datamus samt tilgang til kopimaskin og kjøkkenkrok. Våren 2024 har det i perioder vore fullt både på Nordfjordeid og på Sandane, men vi har klart å lage ekstra plassar ved behov. Dersom det er fullt når du ønskjer å booke plass, er det bare å ta kontakt, så finner vi løysningar. Du er alltid velkommen!  

Folkebiblioteka i regionen har også tilbod til deg som er student. Det kan vere alt i frå fjernlån av faglitteratur (ikkje pensum), møterom og leseplass. Du kan lese meir om tilboda ved dei ulike biblioteka her (under oppdatering):

Om studentstovene

Studentstovene er eit attraktivt tilbod frå kommunane for studentar som både bur permanent i regionen, på besøk eller som er heime i kortare/lengre periodar.

Det å etablere møteplassar for studentar og legge til rette for å  skape eit studentmiljø (uavhengig av kor lite det er) er viktig ikkje berre for dei som sitt på Studentstovene, men også for å løfte bevisstheten til alle som bur i regionen at det kan vere både spennande og interessant å ta utdanning uavhengig av bustad, alder og livssituasjon.

  • Kari (tlf: 95 28 75 75), Ove (tlf: 41530810) og Øystein (tlf: 41 69 55 59) - Sandane, Iglandsvik, Nordfjordeid og Selje 
  • Anders (tlf: 97 53 05 35) - Stryn og Hornindal 

Møterom i Bankgata 1 og fellesområde i SMART-huset:
Du kan også låne vårt møterom på Nordfjordeid i Sparebanken Norge-bygget (Bankgata 1). Rommet har utstyr for digital deltaking og plass til 16 personar. Våre tilsette, Øystein, Kari og Ove, har kontor i same lokale og er som oftast tilgjengelege for ein prat.
👉 Ta kontakt for lån av møterom på e-post: kari@inviro.no / ove@inviro.no

Kort informasjon og booking

Studentstova på Nordfjordeid

Studentstova på Nordfjordeid er flytta frå Bankgata 1 til Sophus Lie veg 1, i SMART-huset – det moderne bygget som ligg nedanfor Operahuset. Her finn du ei moderne og funksjonell studentstove med tre studieplassar.

Booking og tilgang
Studentstova blir booka via bookingsystemet Periode.
Når du har reservert plass, får du tilgang til nødvendig kode under «Mine bookinger» same dag som reservasjonen gjeld.
Hugs å sjekke «Mine bookinger» før du møter opp.

Slik kjem du inn:

Kodeboks finn du til høgre for inngangsdøra I kodeboksen ligg det ei kodebrikke. Bruk kodebrikka saman med koden du finn i Periode, på låsen under kodelåsen.

Når du kjem inn

  • Studentstova ligg rett til høgre, merka med skiltet «Ove-stova»

  • Du kan ordne deg kaffi og te på kjøkkenet

  • Toalett finn du til venstre for Studentstova

Dersom du opplever feil eller manglar knytt til booking eller tilgang, set vi stor pris på at du gir oss beskjed slik at vi kan oppdatere informasjonen.

Kontakt
Har du spørsmål eller treng hjelp, kan du ta kontakt med:

  • Kari – tlf. 952 87 575

  • Ove – tlf. 415 30 810


Hjelp oss å bli betre: Vi set pris på om du svarer på vår kartleggingsundersøking for brukarar av Studentstova: https://forms.office.com/e/sivvRLbvec

Book tid på studentstova på Nordfjordeid

Studentstova i Stryn

Studentstova i Stryn ligg i 3. etasje i Tinggata 3, 6783 Stryn. Her er ein samlokalisert mellom anna med Stryn Næringshage og fleire andre lokale bedrifter. Her finn du to studentplassar, samt moglegheit for å booke eit større møtelokale.

I Studentstova har vi:

  • Tilgang til gratis Wifi
  • Gode stolar og skrivebord
  • Dataskjermer (HDMI tilkobling)
  • Det er lov å forsyne seg med kaffi i kantina eller på kjøkkenet
  • Tilgang til printer
  • Gode sakkosekkar til å slappe av i

Lokala er opne måndag – fredag frå kl 08:00 til kl 16:00. Ønskjer du å benytte lokala etter kl 16.00 treng du ei brikke for å komme deg inn i bygget, då må du ta kontakt med Anders mailto:anders@nordfjordakademiet.no

Book tid hos studentstova i Stryn

Studentstova på Iglandsvik

Studentstova på Iglandsvik er samlokalisert med Iglandsvik næringspark, det det er fleire lokale bedrifter. Her finn du tre leseplasser i flotte nye lokaler. Det er også mogleg å booke møterom. Du finn Studentstova her: Iglandsvika 18, 6727 Bremanger. Du er hjarteleg velkomen!

Book tid hos Studentstova på Iglandsvik

Studentstova på Sandane

Studentstova på Sandane er etablert gjennom eit samarbeid mellom Gloppen kommune og næringslivet i regionen, og er eit viktig tiltak for å gjere det mogleg å ta utdanning der ein bur. Vi er glade for å kunne tilby ei Studentstove på Sandane i lokala til Spire.

Du kan booke plass i Studentstova via bookingsystemet Periode ved å klikke på lenka nedanfor.

Booking og tilgang 
Når du har reservert plass, får du tilgang til nødvendig kode under «Mine bookinger» same dag som reservasjonen gjeld. Hugs å sjekke «Mine bookinger» før du møter opp. Dersom bookinga di er utanom ordinær arbeidstid, eller du opplever problem med tilgang, kan du ta kontakt via SMS eller telefon for hjelp.

Praktisk informasjon

  • Studentstova ligg til venstre i lokalet, og døra er merka med logoen vår

  • WiFi-passord står skrive på whiteboard-tavla i Studentstova

  • Du kan ordne deg kaffi og te på kjøkkenet

  • Toalett finn du ved å gå inn døra til høgre for døra til Studentstova

Kontakt:
Har du spørsmål eller treng hjelp, kan du ta kontakt med: Kari – tlf. 952 87 575

Kartlegging
Vi set stor pris på om du svarer på vår kartleggingsundersøking knytt til brukarar av Studentstova: https://forms.office.com/e/sivvRLbvec
(Sjå bort frå dette dersom du allereie har svart.)

Book tid på Studentstova på Sandane

Studentstova Hornindal

Utleigekontor 215 på Smia.

Kontoret er utstyrt med kontorpult, stol, 2 skjermar, tastatur og mus. Kontoret leigast også ut til andre. For å nytte ordninga med studentstove må du leggje inn gyldig studentnummer under bookinga av leseplassen. Husk å velje faktura som betalingsmiddel. Ved gyldig studentnummer vil det då ikkje bli sendt ut faktura.

Book tid hos Studentstova i Hornindal

Studentstova i Selje

Det er no oppretta ei Studentstove i Selje, lokalisert i Seljesanden-bygget. Studentstova er tilrettelagd for studentar og andre som tek utdanning på nett eller desentralisert, og alt er no på plass for bruk.

Studentstova blir booka via bookingsystemet Periode. Når du har reservert plass, får du tilgang til nødvendig kode under «Mine bookinger» same dag som reservasjonen gjeld.

Hugs å sjekke «Mine bookinger» før du møter opp.

Praktisk informasjon

  • Studentstova ligg til høgre i bygget

  • Du må låse deg inn til denne delen av bygget med same kode/nøkkel som til inngangsdøra

  • Studentstova er rom 6, heilt i enden til høgre (sjå merking på døra)

  • Det er tilgang til kaffi og te på kjøkkenet på andre sida av gangen

  • Toalett finn du i gangen

Dersom du opplever feil eller manglar knytt til booking eller tilgang, set vi pris på at du gir oss beskjed slik at vi kan oppdatere informasjonen.

Har du spørsmål eller treng hjelp, kan du ta kontakt med

Kari Rygg på telefon 952 87 575 eller Gunnar Silden på telefon: 91329996

Vi set stor pris på om du svarer på vår kartleggingsundersøking knytt til bruk av Studentstova: https://forms.office.com/e/sivvRLbvec
(Sjå bort frå dette dersom du allereie har svart.)

Book tid i Studentstova i Selje

Meld deg på vårt nyhendebrev

Ønsker du å få oppdateringar frå oss i StudieHub - Fjordane Studiesenter? Vi delar gjerne tips og idear knytt til fleksibel og livslang læring med deg!

Meld deg på her