StudieHub Fjordane har som målsetting å vere fasilitatoren som legg til rette, organisere og administrere den desentraliserte utdanningsstrukturen i Nordfjordregionen og Sunnfjord kommune.
Vi legg til rette for: - lokal studiestad - fagleg og praktisk støtte - rettleiing før og under studiet - fleksible løysingar for deg som er i jobb
Erasmusprosjekt
Erasmus+-prosjektet «Saman om livslang læring: Nordisk samarbeid for desentralisert og fleksibel utdanning» vart avslutta i januar 2026.
Prosjektet samla studiesenter frå Noreg, Sverige og Danmark – StudieHub – Fjordane Studiesenter, Campus Värnamo og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter – i eit tett nordisk samarbeid for å styrke livslang læring i våre regionar. Gjennom prosjektperioden har vi delt erfaringar, utvikla nye arbeidsmåtar og sett søkelys på korleis studiesenter kan bidra til auka tilgang til utdanning for vaksne – særleg i område langt frå tradisjonelle campus.
Med fokus på fleksibel og desentralisert utdanning har prosjektet løfta fram gode modellar for samarbeid mellom studiesenter, utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv. Målet har vore å styrke kvalitet, tilgjenge og berekraft i utdanningstilbodet – slik at fleire kan ta utdanning der dei bur, utan å måtte flytte.
Prosjektet har hatt eige domene, der informasjon om aktivitetar og arrangement er samla: www.nordicstudycenters.org
Vi takkar alle samarbeidspartnarar og deltakarar for eit engasjert og lærerikt samarbeid.
Med bakgrunn i erfaringane frå 2024–2026 har vi no gått saman med nye og eksisterande partnarar for å søkje om eit nytt Erasmus+-prosjekt.
I den nye søknaden samarbeider vi med:
Campus Kongsvinger
Campus Värnamo
Autrubru
Nordregio
Jönköping University
StudieHub – Fjordane Studiesenter
Målet med den nye satsinga er å vidareutvikle det nordiske samarbeidet om desentralisert og fleksibel utdanning, og å styrke kunnskapsgrunnlaget for korleis studiesenter kan bidra til regional utvikling, kompetansebygging og berekraftige modellar for livslang læring.
Gjennom det nye prosjektet ønskjer vi å:
vidareutvikle samarbeidsmodellar mellom studiesenter og universitet
styrke kunnskapsdeling mellom nordiske regionar
analysere og dokumentere effektar av desentralisert utdanning
utvikle meir robuste og berekraftige strukturar for drift og finansiering
Vi ser fram til å dele meir informasjon om prosjektet dersom søknaden blir innvilga.
Samlingsbasert og nettbaserte modular på 7,5 studiepoeng
StudieHub er stolte av å kunne presentere eit spennande studietilbod retta mot nåverande og framtidige leiarar innan pleie- og omsorgssektoren i Nordfjord og Sunnfjord. Utdanninga, som har fått namnet "Årsstudium - leiarutdanning innan helse- og omsorgstenesten" starta opp hausten 2024. Målet er å møte kommunane sine behov for leiarar med kompetanse til å leie komplekse organisasjonar og sikre ein kvalitetsmessig god helse- og omsorgsteneste.
Studietilbodet er utvikla med bakgrunn i kompetanseløftet 2015 og er no vidareutvikla frå eit halvårleg til eit heilt årsstudium, beståande av åtte emner á 7,5 studiepoeng kvar. Emna dekkjer ein brei spekter av tema frå ledelse av myndiggjorte medarbeidere og strategisk HRM, til virksomhetens økonomistyring og innovasjonsledelse. Alle emna er utforma for å styrke helseleiararne si evne til refleksjon over eigen leiarpraksis og tilbyr ein praktisk tilnærming med veksling mellom teori og praksis.
Dette studietilbodet er særleg relevant for de som ønskjer å utvikle eigne leiarferdigheter og bli meir effektive i møte med dei utfordringane som helse- og omsorgstenesten står overfor. Med fokus på kunnskapsbasert arbeid, samhandling og systematisk ledelse, vil leiarane tilegne seg ferdighetene som trengs for å fremje innovasjon og kvalitetsutvikling i sine organisasjonar.
StudieHub har saman med kommunalsjefane i Bremanger, Stryn, Gloppen og Sunnfjord kommune rekruttert til saman 46 deltakarar som hausten 24 starta på modul 4: Samhandling, kommunikasjon og forhandlingskompetanse.
I januar/februar 2025 startar helse-og omsorgsleiarar i regionen på med modul 5: Juss for ledere i helse- og omsorgstjenesten.
Årsenhet
Frå januar 2025 kan du ta utdanninga Tverrfaglig Utdanningsprogram (SEPREP TU), med samlingar på Nordfjordeid. Utdanninga er på 60 stp. over to år og gjennomførast desentralisert. Målgruppa er sjukepleiarar og miljøterapeuter som skal samarbeide med personar med alvorlege psykiske lidelser og ruslidelser. Utdanninga blir gjennomført i heile Noreg, og der fleire ulike profesjonar tek utdanninga saman. Innhaldet i utdanninga er knytt til behandling, rehabilitering og oppfølging av menneskjer med alvorlege psykiske lidelser og ruslidelser for tilsette i kommunane og spesialisthelsetenesten. Dette er eit tilbod som no er tilgjengeleg i Nordfjord, gjennom eit samarbeid mellom VID Vitenskapelig Høgskole, Stad kommune og StudieHub - Nordfjord Studiesenter.
Emneliste:
Videreutdanninga kan inngå som første del av Master i helsefremmende relasjonarbeid.
Søknadsfrist for utdanninga er 1. september 2024 og du finn meir informasjon her.
Ta gjerne kontakt med oss, dersom du har spørsmål knytt til utdanninga.
Stad kommune,
Nordfjord. Psykisk helse og rus.Kontaktperson: Anne Terese Eikeland (anne.terese.eikeland@stad.kommune.no)
eller
StudieHub - Nordfjord Studiesenter
Kontaktperson: Kari Eldby Rygg (kari@inviro.no)
Fleksible og desentraliserte utdanningar
Ønsker du å få oppdateringar frå oss i StudieHub - Fjordane Studiesenter? Vi delar gjerne tips og idear knytt til fleksibel og livslang læring med deg!
Meld deg på her