Korleis kan vi utvikle meir berekraftige matsystem i Vestland? Dette kurset gir deg innsikt i matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klimaendringar og lokale matsystem, med fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane.
Foto: KI-generert bilete
Namn på utdanninga/emnet: Bærekraftige matsystemer – Vestland
Tilbydar: NMBU, i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse
Studiepoeng: 5 studiepoeng
Format: Fysiske samlingar, digital undervisning og praktisk casearbeid
Studiestad: Lærdal og Sandane
Varigheit: To fysiske samlingar, med digital undervisning og arbeid mellom samlingane
Søknadsfrist: 15. september 2026
Oppstart: 27. oktober 2026
Pris: 4 400 kroner per deltakar
Første samling: Lærdal, 27.–28. oktober 2026
Andre samling: Sandane, 2.–3. desember 2026
Krav til deltaking: Det stillast krav om minimum 80% deltaking i undervisninga og organisert teamarbeid
Eksamen: Valfri gruppeoppgåve, vurdert til bestått/ikkje bestått
Krav for å ta eksamen: Generell studiekompetanse eller realkompetansevurdering
Kontakt: Eilin Skorpen, Eilin@sognkompetanse.no / Kari Rygg, kari@inviro.no
Kurset er delfinansiert gjennom tilskot frå Vestland fylkeskommune.
Meld deg på her: https://nettskjema.no/a/537758...
Framtidas matproduksjon står under press frå klimaendringar, ressursbruk, matsvinn og endringar i nasjonale og internasjonale marknader. Matsikkerheit handlar ikkje berre om å produsere mest mogleg sjølv, men om å bruke ressursane våre klokt, redusere svinn og byggje robuste system som kan møte både dagens og framtidas behov.
Kurset Bærekraftige matsystemer – Vestland tek utgangspunkt i lokale og regionale matsystem i Vestland. Deltakarane får arbeide med konkrete problemstillingar knytt til matproduksjon, berekraft og regional utvikling, og ser på korleis endringar i éin del av matsystemet kan påverke resten av verdikjeda.
Gjennom kurset får du innsikt i:
Deltakarane skal mellom anna arbeide med spørsmål som: Kva er eit matsystem? Korleis er matsystema i Vestland sette saman? Kva kjenneteiknar berekraftige matsystem, og korleis kan vi dokumentere og vurdere berekraft i praksis?
Kurset passar for deg som arbeider i eller med delar av matverdikjeda. Det kan til dømes vere innan:
Kurset er relevant både for deg som jobbar praktisk i matsystemet, og for deg som arbeider med planlegging, utvikling, forvaltning eller rådgiving.
Kurset kombinerer fysiske samlingar, digital undervisning, sjølvstudium og praktisk arbeid med aktuelle case. Samlingane blir gjennomførte i Vestland, med første samling i Lærdal 27.–28. oktober og andre samling på Sandane 2.–3. desember.
Mellom samlingane blir det lagt opp til digital undervisning og arbeid på NMBU si læringsplattform. Deltakarane arbeider i tverrfaglege grupper med lokale matsystem, og får bruke kunnskap frå eige fagfelt saman med perspektiv frå andre delar av verdikjeda.
Det er krav om minimum 80 prosent deltaking i forelesingar og organisert teamarbeid for å kunne få kursbevis eller ta eksamen.
Eksamen er valfri. Dersom du vel å ta eksamen, gjennomfører du ei gruppeoppgåve der gruppa arbeider med eit eksisterande lokalt matsystem og vurderer korleis dette kan bli meir berekraftig. Oppgåva blir vurdert til bestått eller ikkje bestått.
Dersom du ikkje tek eksamen, kan du få kursbevis frå NMBU. For å få kursbevis må du delta på samlingane og i gruppearbeidet på same måte som dei andre deltakarane.
For å kunne gå opp til eksamen krevst generell studiekompetanse. Manglar du dette, kan du søkje opptak på grunnlag av realkompetanse dersom du er 25 år eller eldre og har arbeidserfaring innan fagfeltet.
Manglar du generell studiekompetanse kan du søke om opptak på grunnlag av realkompetanse (du må vere 25 år eller eldre og ha arbeidserfaring innan fagfeltet). NMBU vurderer slike søknadar fortløpande. Søknadskjema for realkompetanse finner du her, eller du kan kontakte Senter for etter- og videreutdanning (SEVU) på tlf: 67 23 03 00 eller på epost: sevu@nmbu.no
Kurset blir arrangert i samarbeid mellom NMBU, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. I tillegg har prosjektet fått tilskot frå Vestland fylkeskommune, noko som bidreg til delfinansiering av kurset og gjer deltakaravgifta lågare.
For StudieHub er dette eit viktig døme på korleis høgare utdanning og kompetanseheving kan gjerast meir tilgjengeleg i regionen. Når utdanning blir kopla tettare på lokale behov, møteplassar og fagmiljø, kan fleire ta del i kompetanseutvikling utan å måtte reise langt eller ta utdanning heilt på eiga hand.
Påmeldingsfristen er 15. september 2026. Kurset startar med første samling i Lærdal 27.–28. oktober 2026, og held fram med digital undervisning før andre samling på Sandane 2.–3. desember 2026.
Deltakaravgifta er 4 400 kroner per deltakar. Utgifter til reise og eventuell overnatting kjem i tillegg.
Meld deg på her: https://nettskjema.no/a/537758...
Kontaktpersonar:
Eilin Skorpen: Eilin@sognkompetanse.no
Kari Rygg: kari@inviro.no
Sist oppdatert: 25.06.2026
UiB og SLATE tilbyr tre nettbaserte masteremne om menneske og kunstig intelligens hausten 2026. Emna handlar om menneske-KI-system, KI for læring og dataanalyse, og kan takast enkeltvis eller som fleire emne same semester. Tilbodet er nettbasert og på deltid, og kan vere relevant for personar i arbeid som ønskjer meir kompetanse om KI, læring og digitale miljø.
Les meir
UiB og SLATE startar hausten 2026 eit nytt nettbasert mikroemne om trygg og pedagogisk bruk av KI i skulen. Emnet passar særleg for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, men kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med undervisning og kompetanseutvikling. StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen, slik at deltakarane kan dele erfaringar og knyte innhaldet til eigen praksis.
Les meir
Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.
Les meir