Scroll top

GIS og kartkunnskap i arealplanlegging – styrk den digitale plankompetansen

Deltid

Bachelor-nivå

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Digital kartkompetanse er i dag ein grunnleggjande del av plan- og utviklingsarbeid i kommunane. Dette studiet gir deg praktisk innføring i GIS som verktøy i arealplanlegging.

Fakta om studiet

  • Namn på utdanninga: GIS og kartkunnskap i arealplanlegging

  • Tilbydar: Høgskulen i Volda

  • Studiepoeng: 10

  • Nivå: Vidareutdanning (bachelornivå)

  • Omfang: Deltid

  • Varigheit: 1 semester

  • Undervisningsspråk: Norsk

  • Søknadsfrist: Løpande opptak frå 1. februar 2026

  • Søknadskode: 3931

  • Oppstart: Haust eller vår 2026

Geografiske informasjonssystem (GIS) er eit sentralt verktøy i moderne arealplanlegging. Enten du arbeider med plan, byggesak, landbruk eller samfunnsutvikling, er digital forståing av kart og geografiske data avgjerande.

Gjennom studiet får du:

• grunnleggjande kunnskap om geografiske data og kartografi
• innsikt i GIS som planverktøy
• forståing for planrett og plan- og bygningslova
• ferdigheiter i å hente inn og samanstille geografiske data
• kompetanse i å utarbeide enkle kart til publikasjon

Undervisninga kombinerer førelesningar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer. Du arbeider praktisk med GIS-verktøy og får rettleiing undervegs.

Studiet er særleg relevant for tilsette i kommunal sektor som arbeider med arealplanlegging, teknisk drift, miljø, landbruk eller byggesak.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse
(Ingen krav til forkunnskapar)

Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub

StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for deltakarar i regionen.

Vi tilbyr:

• Studieplass og teknisk støtte
• Fagleg fellesskap lokalt
• Informasjon og oppfølging
• Dialog med arbeidsgivar ved behov

Studiet kan vere eit viktig bidrag i kommunen si satsing på digital kompetanse og planfagleg utvikling.

Les meir her.

Meld interesse.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 23.02.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir

Bærekraftige matsystemer: praksisnært kurs om mat, klima og lokale ressursar

Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet