Scroll top

Politikk, makt og juss – styrk kompetansen i offentleg sektor

Deltid

Bachelor-nivå

Nett- og samlingsbasert

Haust 2026

Arbeider du i eller med offentleg sektor? Denne vidareutdanninga gir deg betre forståing av korleis politikk, makt og juss formar forvaltninga.

Foto: Photo by GR Stocks on Unsplash

Fakta om studiet

  • Namn på utdanninga: Politikk, makt og juss

  • Tilbydar: Høgskulen i Volda

  • Studiepoeng: 10

  • Nivå: Vidareutdanning (bachelornivå)

  • Omfang: Deltid, nettstudium

  • Varigheit: 1 semester

  • Undervisningsspråk: Norsk

  • Vurdering: Munnleg eksamen (stått / ikkje stått)

  • Studieavgift: kr 3 500 + semesteravgift

  • Søknadsfrist: Løpande opptak frå 1. februar 2026

  • Søknadskode: 3937

  • Oppstart: Haust 2026

Offentleg sektor er prega av komplekse samspel mellom politiske vedtak, juridiske rammer og administrativ organisering. For å navigere trygt i dette landskapet, treng ein både systemforståing og juridisk innsikt.

Studiet gir deg kunnskap om:

• organisering av politiske system
• forholdet mellom stat og kommune
• kommunal organisering
• demokrati og samfunnsutvikling
• forvaltningsrett

Gjennom nettleksjonar, oppgåver og digitale diskusjonar får du høve til å kople teori til eigen praksis. Studiet er fleksibelt og kan kombinerast med jobb.

Vidareutdanninga er særleg relevant for:

• tilsette i kommunal administrasjon
• rådgjevarar og saksbehandlarar
• medarbeidarar i offentleg forvaltning
• deg som ønskjer betre forståing av politiske prosessar

Studiet kan bidra til å styrkje kompetansen i eigen organisasjon og inngå i kommunen si kompetanseutvikling.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub

StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for deltakarar i regionen.

Vi tilbyr:

• Studieplass og teknisk støtte
• Fagleg fellesskap lokalt
• Informasjon og oppfølging
• Dialog med arbeidsgivar ved behov

Les meir og søk her.

Meld interesse.


Kari Rygg

Sist oppdatert: 23.02.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Styrk kompetansen innan observasjon og stell av sår

Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.

Les meir

Ta prosjektleiing på nett og møt andre studentar lokalt

Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.

Les meir

Bærekraftige matsystemer: praksisnært kurs om mat, klima og lokale ressursar

Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet