Scroll top

Nytt nettbasert UiB-emne: KI-system for undervisarar

Deltid

Bachelor-nivå

Mikroemne

Haust 2026

Korleis kan lærarar bruke kunstig intelligens på ein trygg, effektiv og pedagogisk god måte? Til hausten startar UiB og SLATE eit nytt nettbasert mikroemne for undervisarar, og StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen.

Foto: Photo by Seema Miah on Unsplash

Kort om utdanninga

  • Namn på utdanninga/emnet: KI-systemer for undervisere
  • Tilbydar: Universitetet i Bergen og SLATE, Centre for the Science of Learning & Technology
  • Emnekode: DIGI619
  • Studiepoeng: 2,5 studiepoeng
  • Format: 100 % nettbasert undervisning
  • Varigheit: 7 veker hausten 2026
  • Oppstartsmøte: Måndag 12. oktober kl. 18.00
  • Oppsummeringsmøte: Måndag 23. november kl. 18.00
  • Krav til forkunnskap: Ingen forkunnskapar i KI er nødvendige
  • Studieavgift: kr 2500
  • Semesteravgift: kr 650
  • Søknad: Via UiB
  • Første søknadsbehandling: 15. juni
  • Lokal tilrettelegging: StudieHub legg til rette for lokale samlingar i Stad, Sunnfjord, Stryn, Bremanger, Gloppen og Kinn nord

Kunstig intelligens er allereie ein del av skulekvardagen, både for elevar, studentar og lærarar. Det skaper nye moglegheiter, men også nye spørsmål: Korleis kan KI brukast på ein måte som fremjar læring? Kva bør lærarar vere merksame på når det gjeld vurdering, personvern, etikk og akademisk integritet?

Hausten 2026 startar Universitetet i Bergen og SLATE, Centre for the Science of Learning & Technology, eit nytt nettbasert mikroemne for lærarar: KI-systemer for undervisere. Emnet gir ei praktisk og forskingsbasert innføring i korleis kunstig intelligens kan brukast på ein trygg, effektiv og pedagogisk måte i skulen.

Målet er å styrkje lærarar si kompetanse i møte med KI i undervisning, vurdering og planlegging av læringsaktivitetar.

Kven passar emnet for?

Emnet rettar seg mot lærarar på alle trinn i skulen, men er særleg aktuelt for deg som underviser på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.

Det kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med kompetanseutvikling, undervisningskvalitet, vurderingspraksis og pedagogisk bruk av teknologi i skulen.

Du treng ikkje forkunnskapar i KI for å delta.

Kva lærer du?

I emnet får du innsikt i korleis KI påverkar læring, vurdering og undervisningsdesign. Du lærer å bruke KI-verktøy i arbeid med undervisning, og du får øving i å gjere kritiske og ansvarlege vurderingar av teknologien.

Emnet gir deg:

  • forståing for kva rolle KI kan spele i utdanning og undervisning
  • praktiske ferdigheiter i bruk av KI-verktøy i undervisning
  • evne til å gjere informerte og ansvarlege val om teknologi i klasserommet
  • større tryggleik i møte med elevar og studentar sin bruk av KI

Tema som etikk, personvern og akademisk integritet inngår også i emnet.

Slik er studiet lagt opp

KI-systemer for undervisere er eit mikroemne på 2,5 studiepoeng. Undervisninga er 100 % nettbasert og går føre seg via UiB si læringsplattform Mitt UiB.

Emnet går over sju veker hausten 2026. Det blir digitalt oppstartsmøte måndag 12. oktober kl. 18.00 og digitalt oppsummeringsmøte måndag 23. november kl. 18.00.

Gjennom dei sju vekene skal deltakarane arbeide med ulike digitale læringsaktivitetar og løyse oppgåver. Det skal leverast to skriftlege oppgåver, som til saman utgjer eksamensmappa. Det er ingen avsluttande eksamen i tillegg til dette.

Lokale samlingar gjennom StudieHub

Sjølv om emnet er nettbasert, kan det vere verdifullt å møtast fysisk undervegs. StudieHub legg derfor til rette for lokale samlingar for deltakarar i Stad, Sunnfjord, Stryn, Bremanger, Gloppen og Kinn nord.

Dei lokale samlingane er ikkje ei erstatning for UiB si undervisning, men eit tillegg for deltakarar som ønskjer lokal støtte, fagleg fellesskap og erfaringsdeling undervegs.

Gjennom samlingane ønskjer StudieHub å bidra til:

  • lokal forankring av kompetanseutviklinga
  • erfaringsdeling mellom lærarar og skular i regionen
  • kopling mellom fagleg innhald og praksisfeltet
  • eit lokalt læringsfellesskap rundt trygg og pedagogisk bruk av KI

StudieHub har også bidrege med referanseskular under utviklinga av emnet.

Pris og opptak

Emnet har ei studieavgift på kr 2500. I tillegg kjem lovpålagd semesteravgift på kr 650.

UiB sender ut faktura for studieavgifta rundt studiestart. Dersom arbeidsgivar skal betale studieavgifta, må arbeidsgivar fylle ut skjema med fakturainformasjon. Informasjon om dette blir gitt når deltakar får stadfesta studieplass.

Emnet rettar seg mot lærarar som underviser i skulen. Du treng ikkje dokumentere lærarutdanning, undervisningserfaring eller tilsetjing i skulen, men du må tilfredsstille dei generelle krava for opptak til vidareutdanningsstudium ved UiB.

Slik søker du

Emnet er ope for søknader no. Dei første søknadene blir behandla 15. juni.

Søknad skjer via UiB.

Søk plass her: http://evuweb.fsweb.no/evuweb/pamelding/DIGI619,H2026?inst=UIB

Les meir om emnet her: KI-systemer for undervisere | UiB

Vil du vite meir?

Har du spørsmål om det faglege innhaldet, organisering eller undervisning, kan du ta kontakt med SLATE ved UiB.

Har du spørsmål om søknad, dokumentasjon, søknadsfristar eller status for eigen søknad, kan du kontakte UiB Videre:

Telefon: 55 58 20 40
E-post: videre@uib.no

Har du spørsmål om lokale samlingar og tilrettelegging gjennom StudieHub, kan du ta kontakt med:

Kari Rygg
Telefon: 952 87 575
E-post: kari@inviro.no

Kari Rygg

Sist oppdatert: 26.05.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Lær meir om energiomstilling i nytt nettbasert deltidsstudium

Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.

Les meir

Tre fleksible DIGI-emne hausten 2026

Hausten 2026 kan du ta tre korte, nettbaserte DIGI-emne innan programmering, kunstig intelligens og data og demokrati. Emna gir 2,5 studiepoeng kvar og passar for deg som ønskjer fleksibel kompetanseheving ved sida av jobb eller andre forpliktingar. Påmelding opnar 18. mai.

Les meir

Ta nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi

Universitetet i Bergen tilbyr nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi. Emna er på 2,5 studiepoeng, opne for alle og kan takast ved sidan av jobb. Dei to første emna startar hausten 2026 og handlar om berekraft i praksis og klima, konsekvensar og løysingar.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet