Midtausten er ein region prega av historiske, religiøse og politiske motsetnader. Denne vidareutdanninga gir deg djupare innsikt i Palestina–Israel-konflikten og utviklinga i regionen.
Fakta om studiet
Namn på utdanninga: Brennpunkt Midtausten
Tilbydar: Høgskulen i Volda
Studiepoeng: 15
Nivå: Vidareutdanning (masternivå)
Omfang: Deltid, samlingsbasert
Varigheit: 1 semester
Undervisningsspråk: Norsk
Opptakskrav: Generell studiekompetanse
Søknadsfrist: Løpande opptak frå 1. februar 2026
Søknadskode: 4367
Oppstart: Haust 2026
Midtausten har i lang tid vore eit geopolitisk brennpunkt. For å forstå dagens situasjon, er det nødvendig med historisk, kulturell og politisk kunnskap.
Studiet gir deg avansert innsikt i:
• den historiske utviklinga frå 1800-talet til i dag
• Palestina–Israel-konflikten
• sionisme og palestinsk nasjonalisme
• politisk islam
• stormaktenes rolle i regionen
• kampen om Jerusalem
Undervisninga kombinerer førelesingar, seminar og prosessorientert skriving. Studentane får trening i å finne og vurdere forskingslitteratur og skrive sjølvstendige, kjeldekritiske tekstar.
Studiet er relevant for deg som arbeider med:
• undervisning og formidling
• integrering og kulturforståing
• samfunnsplanlegging og leiing
• analyse- og utgreiingsarbeid
Emnet inngår i Master i kulturmøte, og kan godskrivast dersom du seinare ønskjer å ta mastergrad.
Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub
StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for deltakarar i regionen.
Vi tilbyr:
• Studieplass og teknisk støtte
• Fagleg fellesskap lokalt
• Informasjon og oppfølging
Vi arbeider for at fleire skal kunne ta vidareutdanning utan å flytte frå regionen.
Sist oppdatert: 23.02.2026
Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.
Les meir
Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.
Les meir
Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.
Les meir