Hausten 2026 startar deltidsstudium i sjukepleie i Førde. StudieHub – Fjordane Studiesenter legg til rette for at fleire kan ta bachelorutdanning medan dei bur og arbeider i regionen.
Foto: Henta frå HVL si nettside
Fakta om studiet:
Behovet for sjukepleiarar er stort – både lokalt og nasjonalt. No får fleire moglegheit til å ta sjukepleiarutdanning på deltid, med samlingar i Førde og tilrettelegging gjennom StudieHub.
Deltidsstudiet går over fire år (75 % progresjon) og kombinerer samlingar, digitale læringsaktivitetar og praksisperiodar. Praksis utgjer halvparten av utdanninga, og det blir – så langt det er mogleg – lagt til rette for praksis i Nordfjord og Sunnfjord.
Sjukepleieryrket er både utfordrande og meiningsfullt. Som sjukepleiar arbeider du tett på menneske i sårbare situasjonar og bidreg til helse, livskvalitet og tryggleik.
Gjennom studiet får du kompetanse i:
• personsentrert sjukepleie
• pasienttryggleik og etikk
• akutt og kronisk sjukdom
• samhandling og fagleg leiing
• innovasjon og utvikling i helsetenestene
Studiet gir deg ein bachelorgrad i sjukepleie (180 studiepoeng) og opnar for vidare spesialisering og masterstudium.
Lokal tilrettelegging gjennom StudieHub
StudieHub – Fjordane Studiesenter arbeider for at fleire skal kunne ta høgare utdanning utan å flytte frå regionen.
Vi tilbyr:
• Studieplass og fagleg fellesskap
• Dialog med arbeidsgivar
• Informasjon og oppfølging gjennom studieløpet
• Tilrettelegging for lokale møteplassar
Meld di interesse – så held vi deg oppdatert om studiet og eventuelt komande informasjonsmøte.
Sist oppdatert: 20.02.2026
Lær meir om trygg og systematisk sårbehandling Sårbehandling er ein viktig del av helsetenesta og kan vere både tidkrevjande og fagleg krevjande.
Les meir
Universitetet i Innlandet tilbyr nettbasert deltidsstudium i Prosjektledelse med oppstart 3. september 2026. Studiet gir 7,5 studiepoeng og passar for deg som ønskjer meir kompetanse i planlegging, organisering, gjennomføring og evaluering av prosjekt. StudieHub legg til rette for at studentar kan samlast ved lokale noder i våre lokale under nettundervisninga.
Les meir
Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.
Les meir