Våren 2025 tilbyr StudieHub – Fjordane Studiesenter fleire spennande utdanningar. Frå vidareutdanning innan psykisk helse til nettkurs i digitalisering, vi har tilbod som passar ulike behov og målgrupper.
Foto: Photo by David Travis on Unsplash
Vi er stolte av å kunne tilby fleire spennande utdanningar i Nordfjord og Sunnfjord kommune denne våren. Gjennom samarbeid med ulike institusjonar og kommunar kan vi tilby fleksible og desentraliserte studietilbod som gjer det enklare å kombinere utdanning med arbeid og kvardagsliv.
Her kan du lese om følgande utdanningar:
Korleis påverkar stress hjernen, åtferd og kapasitet hos barn og unge?
Dette mikroemnet frå Læringsmiljøsenteret gir deg ei djupare forståing av samanhengen mellom stress, hjernens fungering og åtferd.
Gjennom dette digitale kurset lærer du om teorien bak stress, hjernens oppbygging, og korleis du kan forstå og handtere stress i møte med utfordrande åtferd i barnehage og skule. Emnet gir også innsikt i korleis stress kan påverke åtferd hos både barn, unge og tilsette, og kva tiltak som kan bidra til betre meistring.
Fakta om mikroemnet:
Tema og innhald:
Kurset er nettbasert med fleksible forelesningar, og frivillige seminar gir moglegheiter for ytterlegare diskusjon og refleksjon.
Er du interessert i å lære meir om korleis vi kan forstå og handtere utfordrande åtferd hos barn og unge? Då er dette mikroemnet frå Læringsmiljøsenteret perfekt for deg!
I dette digitale kurset får du innsikt i korleis individfaktorar og konteksten påverkar åtferd, samt risiko- og beskyttelsesfaktorar. Gjennom mikroemnet vil du også lære om metodar og tilnærmingar for å handtere utfordrande åtferd i barnehage, skule og andre arenaer der ein jobbar med barn og unge.
Fakta om mikroemnet:
Tema og innhald:
Forelesningane er nettbaserte og tilgjengelege når det passar deg, og frivillige seminar gir ekstra moglegheit for refleksjon og diskusjon.
Frå januar 2025 kan sjukepleiarar og miljøterapeutar ta vidareutdanninga SEPREP TU med samlingar på Nordfjordeid. Dette er eit toårig deltidsstudium (60 studiepoeng) for deg som jobbar med personar som har alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem.
Studiet blir arrangert i samarbeid med VID Vitenskapelig Høgskole, Stad kommune, og StudieHub – Nordfjord Studiesenter. Innhaldet omfattar behandling, rehabilitering og oppfølging, og har ei tverrfagleg tilnærming.
For meir informasjon, ta kontakt med Anne Terese Eikeland (anne.terese.eikeland@stad.kommune.no). Les meir om utdanninga her.
Saman med NMBU HH tilbyr vi fleire emne som er ein del av eit årsstudium i berekraftig økonomi og leiing. Studiet gir ei grunnleggande innføring i økonomi og leiing med ein berekraftig tilnærming. Emne våren 2025 er:
Veke 5-12:
Veke 13-21:
Oppstart: Januar 2025
Studieform: Nettbasert, deltid over 2–4 år eller heltid på eitt år.
Søknadsfristar: 15. januar via Søknadsweb
Studiet er spesielt aktuelt for deg som vil bidra til det grøne skiftet, samtidig som du får formell kompetanse innan økonomi og leiing.
Vil du vite meir? StudieHub og NMBU HH inviterer til informasjonsmøte tysdag 7. januar kl. 14. Les invitasjonen her. Du kan også lese meir om studiet her.
I samarbeid med UiB Videre tilbyr vi tre gratis nettkurs som gir ei grunnleggande innføring i data og digitalisering. Kursa er nettbaserte og gir 2,5 studiepoeng kvar.
Sikre deg ein plass – påmelding opnar 15. november. Les meir om emna her.
Er du interessert i berekraft og innovasjon? Då er dette deltidsstudiet på bachelor- eller masternivå (15 studiepoeng) perfekt for deg! Studiet kombinerer fysiske og digitale samlingar (Sogndal) og gir konkrete verktøy for samskaping og innovasjon. Dette deltidsstudiet, som gir 15 studiepoeng over eitt år, passar for tilsette i næringsliv, offentleg sektor, akademia, frivillige organisasjonar og andre som vil styrke si kompetanse innan berekraftig utvikling. Gjennom fire samlingar – to i Sogndal og to digitale – får du lære om samskaping, innovasjon og design thinking. Undervisninga kombinerer teori, praktiske øvingar og prosjektarbeid med reelle problemstillingar. Etter fullført studium vil du vere godt rusta til å leie samskapingsprosessar og samarbeide tverrfagleg for ei berekraftig framtid.
Våren 2025 startar vi opp med modul 5 i helseleiing, eit kurs som er utvikla for leiarar innan helse- og omsorgstenestene i kommunane Bremanger, Gloppen, Stryn og Sunnfjord. Denne modulen Juss for leiarar i helse- og omsorgstenesta, gir 7,5 studiepoeng og kombinerer teori og praksis gjennom to lokale samlingar på to dagar.
Emnet dekker tema som:
Praktisk informasjon:
Kan dette vere aktuelt for deg, ta kontakt med kommunalsjef i di kommune eller les meir om utdanninga her.
Vi jobbar kontinuerleg med fleire prosjekt og oppdaterer nettsida vår etter kvart som nye tilbod kjem på plass. Har du spørsmål om nokre av utdanningane, ikkje nøl med å ta kontakt!
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål, eller ønskjer informasjon om kva for moglegheiter som er tilgjengeleg!
Sist oppdatert: 04.12.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir