StudieHub Nordfjord har som målsetting å vere fasilitatoren som legg til rette, organisere og administrere den desentraliserte utdanningsstrukturen i Nordfjord- og Sunnfjordregionen.
I 2024/2025 er det fleire større prosjekt som StudieHub Nordfjord skal vere involvert i.
Erasmusprosjekt
Vi, Campus Värnamo, Holbæk Uddannelses- og Studiecenter og StudieHub - Fjordane Studiesenter, er stolte av å kunngjere at vårt nye Erasmus+-prosjekt, "Saman om livslang læring: Nordisk samarbeid for desentralisert og fleksibel utdanning", har fått støtte! Dette spennande initiativet samlar studiesenter frå Noreg, Sverige og Danmark for å styrke livslang læring i våre regionar. Vi har òg eit eige domene, les meir om prosjektet og aktivitetane på: www.nordicstudycenters.org
Gjennom prosjektet vil vi utforske innovative løysingar som kan gi auka tilgang til utdanning for vaksne, spesielt i område som ligg langt unna tradisjonelle campus.
Med fokus på fleksibel og desentralisert utdanning vil vi fremje kvalitet og tilgjengelegheit i tilboda ved våre studiesenter. Dette betyr at fleire vil kunne ta utdanning der dei bur, og få tilgang til høgkvalitets læringstilbod – utan å måtte flytte. Prosjektet skal òg styrke samarbeidet mellom studiesentra og utdanningsinstitusjonar, arbeidslivs- og arbeidstakarorganisasjonar for å utvikle berekraftige utdanningstilbod.
Vi gler oss til å dele resultata av dette spennande prosjektet med dykk i dei kommande månadane!
Informasjon om dei ulike tiltaka til prosjektet, publisert som arrangement (med atterhald om justeringar undervegs):
Oppstartsmøte for planlegging av prosjektets aktivitetar
Jevnlige møter for erfaringsutveksling og prosjektoppfølging
Nordisk konferanse for livslang læring
Nordisk minikonferanse om finansiering og drift av studiesentra
Minikonferanse: Nordisk samarbeid mellom studiesentra
Arrangementa vil bli publisert på denne nettsida som er utvikla for prosjektet, der alle deltakarar og interesserte kan følgje med på framdrifta og delta på dei ulike arrangementa. Vi gler oss til å dele kunnskap, erfaringar og resultat frå vårt felles nordiske prosjekt!
Samlingsbasert og nettbaserte modular på 7,5 studiepoeng
StudieHub er stolte av å kunne presentere eit nytt og spennande studietilbod retta mot nåverande og framtidige leiarar innan pleie- og omsorgssektoren i Nordfjord og Sunnfjord. Utdanninga, som har fått namnet "Årsstudium - leiarutdanning innan helse- og omsorgstenesten" startar opp hausten 2024. Målet er å møte kommunane sine behov for leiarar med kompetanse til å leie komplekse organisasjonar og sikre ein kvalitetsmessig god helse- og omsorgsteneste.
Studietilbodet er utvikla med bakgrunn i kompetanseløftet 2015 og er no vidareutvikla frå eit halvårleg til eit heilt årsstudium, beståande av åtte emner á 7,5 studiepoeng kvar. Emna dekkjer ein brei spekter av tema frå ledelse av myndiggjorte medarbeidere og strategisk HRM, til virksomhetens økonomistyring og innovasjonsledelse. Alle emna er utforma for å styrke helseleiararne si evne til refleksjon over eigen leiarpraksis og tilbyr ein praktisk tilnærming med veksling mellom teori og praksis.
Dette studietilbodet er særleg relevant for de som ønskjer å utvikle eigne leiarferdigheter og bli meir effektive i møte med dei utfordringane som helse- og omsorgstenesten står overfor. Med fokus på kunnskapsbasert arbeid, samhandling og systematisk ledelse, vil leiarane tilegne seg ferdighetene som trengs for å fremje innovasjon og kvalitetsutvikling i sine organisasjonar.
StudieHub har saman med kommunalsjefane i Bremanger, Stryn, Gloppen og Sunnfjord kommune rekruttert til saman 46 deltakarar som startar utdanninga i veke 35.
Årsenhet
Frå januar 2025 kan du ta utdanninga Tverrfaglig Utdanningsprogram (SEPREP TU), med samlingar på Nordfjordeid. Utdanninga er på 60 stp. over to år og gjennomførast desentralisert. Målgruppa er sjukepleiarar og miljøterapeuter som skal samarbeide med personar med alvorlege psykiske lidelser og ruslidelser. Utdanninga blir gjennomført i heile Noreg, og der fleire ulike profesjonar tek utdanninga saman. Innhaldet i utdanninga er knytt til behandling, rehabilitering og oppfølging av menneskjer med alvorlege psykiske lidelser og ruslidelser for tilsette i kommunane og spesialisthelsetenesten. Dette er eit tilbod som no er tilgjengeleg i Nordfjord, gjennom eit samarbeid mellom VID Vitenskapelig Høgskole, Stad kommune og StudieHub - Nordfjord Studiesenter.
Emneliste:
Videreutdanninga kan inngå som første del av Master i helsefremmende relasjonarbeid.
Søknadsfrist for utdanninga er 1. september 2024 og du finn meir informasjon her.
Ta gjerne kontakt med oss, dersom du har spørsmål knytt til utdanninga.
Stad kommune,
Nordfjord. Psykisk helse og rus.Kontaktperson: Anne Terese Eikeland (anne.terese.eikeland@stad.kommune.no)
eller
StudieHub - Nordfjord Studiesenter
Kontaktperson: Kari Eldby Rygg (kari@inviro.no)
Desentralisert bachelor
Var du klar over at du kan søke desentralisert vernepleiarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet med studiestad Sogndal? Dette er ei populær utdanning og HVL har opptak til utdanninga kvar haust.
Vernepleiarutdanninga er ei kunnskapsbasert og praksisretta helse- og sosialfagleg profesjonsutdanning. Som vernepleiar må du ha høg etisk bevisstheit, kunne kommunisere og samarbeide godt, og kunne tenke både kritisk og innovativt.
Vernepleiarutdanninga skal sikre at du får kompetanse og haldningar som gir likeverdige tenestetilbod for alle i samfunnet. Som vernepleiar får du særleg kompetanse innan:
Utdanninga går over fire år og gjennomførast på deltid (75%). Søknadsfrist for neste opptak er 15. april 2024.
Som vernepleiar kan du jobbe med:
Nettbasert
Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring er organisert som eit deltidsstudium over to år (tilsvarande eitt år på fulltid). Utdanninga er delt opp i emne med ulike tema og studiekrav knytt til desse.
Aldring og helse tilbyr frå hausten 2024 fagskuleutdanninga: Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring. Utdanninga er gratis og nettbasert. 1. februar blei det opna for opptak gjennom Samaorda opptak. De finn utdanninga ved å søkje etter "Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring", i "Studieoversikten fagskole". Du får da opp to alternativ. Det står "Tønsberg" på begge utdanningane, og du må velje utdanninga der det står "Fagskolegrad, deltid, høst, nettbasert" - ikkje den som står "samlingsbasert, nettbasert".
Emne 1
Felles grunnlag for fagskuleutdanningane i helse- og sosialfag (12 veker, 9 studiepoeng)
Emne 2
Utviklingshemning og aldring (12 veker, 9 studiepoeng)
Emne 3
Utviklingshemning og aldersrelaterte sjukdomer (16 veker, 12 studiepoeng)
Emne 4
Miljøbehandling for eldre med utviklingshemning (18 veker, 12 studiepoeng)
Emne 5
Organisering, system og leiing (7 veker, 6 studiepoeng)
Emne 6
Eksamen: Miljøbehandling i praksis (15 veker, 12 studiepoeng)
Nettbasert :
Studiekrava blir vurdert på bakgrunn av skriftlege innleveringar. Det å skrive oppgåve er derfor ein stor og viktig del i studiet. Alle oppgåver skrives på PC og sendast inn elektronisk i klasserommet på nett. Du er derfor avhengig av å disponere eigen PC eller Mac.
Skulen legg stor vekt på personleg oppfølging av kvar enkelt student. Studentane får derfor grundige tilbakemeldingar på innsendte oppgåver (studiekrav).
Studieleiarane kan ein enkelt ta kontakt med på epost, telefon eller meldingar, for råd og rettleiing, oppmuntring og anna type hjelp ved behov.
Vi inviterer til informasjonsmøte i StudieHub - Nordfjord Studiesenter sine lokalar måndag 12. januar kl. 17. Meld di deltaking her. Siste frist er måndag 12. februar kl. 12.
Modulbasert emnar innanfor elektro
I Nordfjord har vi eit av Noregs største elektro og automasjonsmiljø. Vi har både mindre og større bedrifter som leverer tenester og kompetanse både lokalt og nasjonalt. Eit grovt estimat er at det i dag jobbar over 700 personar med dette i Nordfjord. Men det som er veldig spennande med desse fagmiljøa er at der er svært mykje innovasjon og utvikling, og at ein treng mykje kompetanse. Eit av dei uttalte behov frå dette miljøet er at dei ønskjer modulbaserte utdanningar som er «spissa». Dette skal no Høgskulen på Vestlandet i samarbeid med StudieHub Nordfjord køyre ein pilot på 2-4 modular på 10 studiepoeng som næringslivet har behov for.
Saman med SIV - Studiesentera i Vestland planlegg vi oppstart av ein modulabasert utdanning som til saman vil gi ein toårig høgare fagskulegrad enten i elektro eller automasjon. Kva modul vil kunne "stå på eigne bein". Er dette noko for deg og di verksemd? Svar gjerne på denne kartlegginga og sett av datoen 3. september kl. 14, da planlegg vi å ha et kartlegging og informasjonsmøte. Ta kontakt, slik at vi kan sende deg informasjon om møtet og etterkvart utdanninga.
Bachelor
Som sjukepleiar møter du friske og sjuke menneske i ulike livssituasjonar. Det kan være ein person som har vore utsett for ein ulukke og treng akutt hjelp, ein arbeidstakar som ynskjer å betre helsa, personar som slit psykisk eller har fått eit rusproblem, ein pasient som skal opererast, eit barn som har behov for behandling eller ein bestefar som treng pleie og omsorg. Ein sjukepleiar har ansvar for pasientar og pårørande, skal samarbeide med kollegaer i helsevesenet, i tillegg til å utføre ei rekkje praktiske oppgåver og prosedyrar.
Til hausten kan du studere sjukepleie på deltid ved campus Førde. Nettbasert undervisning kan gjennomførast ved Studieesenteret.
Ta kontakt om du vil ha meir informasjon. Her kan du lese meir om utdanninga.
Ønsker du å få oppdateringar frå oss i StudieHub - Fjordane Studiesenter? Vi delar gjerne tips og idear knytt til fleksibel og livslang læring med deg!
Meld deg på her