I dagens samfunn er data og digitalisering sentrale tema som påverkar alt frå arbeidsliv til personvern og samfunnsutvikling. Vi tilbyr no tre gratis nettkurs som gir innføring i ulike sider av digitalisering og data. Desse kursa er utforma for å gje deltakarane både grunnleggande forståing og praktisk innsikt, og dei passar for alle som ønskjer å styrkje kompetansen sin innan digitalisering.
Foto: Colourbox
Kunstig intelligens – Kva er det, og kva utfordringar gir det?
Dette kurset gir ei innføring i grunnleggande prinsipp for kunstig intelligens (KI) og deira påverknad på samfunnet. Deltakarane vil lære om utviklinga av KI, maskinlæring, generativ KI, samt etiske og juridiske utfordringar. Oppstart 2. april 2025.
Personvern og GDPR – Ei grunnleggande forståing av regelverket
Kurset gir innsikt i personvern og GDPR og deira betyding i dagens digitale landskap. Deltakarane lærer om personvernprinsippa, behandlingsgrunnlag, og rettigheiter og plikter som datasubjekt og behandlingsansvarleg. Oppstart 12. februar 2025.
Data og digitalisering – Ei innføring i data si rolle i samfunnet
Dette kurset fokuserer på kva data er, korleis dei vert brukt, og deira påverknad på samfunnet vårt. Kurset tek for seg ulike typar data, data si livssyklus, og korleis data påverkar samfunnet og kvardagen. Oppstart 5. februar 2025.
Alle kursa er nettbaserte og organiserte i modular med digitale forelesningar og oppgåver. Ved fullføring får deltakarane 2,5 studiepoeng per kurs. Semesteravgifta er kr 650,-. Førehandspåmeldinga er fullteikna, men UiB opnar for påmelding for alle 15. november. Du kan lese meir om modulane og melde deg på her.
Sist oppdatert: 14.11.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir