StudieHub – Fjordane Studiesenter har gjennomført første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data. Erfaringane viser at kombinasjonen av digital undervisning og lokale møte gir både auka læringsutbytte og sterkare fellesskap.
Foto: Kari Rygg
I går gjennomførte vi den første lokale samlinga ved StudieHub – Fjordane Studiesenter i samband med mikroemnet Fantastiske Data, som vert tilbydd av UiB Vidare og SLATE (The Center for the Science of Learning and Technology). Emnet kan i utgangspunktet gjennomførast fullt nettbasert, men i samarbeid med studiesentera i Vestland er det lagt til rette for fysiske møte lokalt.
Den første undervisningsøkta vart strøyma direkte klokka 18, med rundt 200 deltakarar frå heile landet. I Nordfjord er vi seks deltakarar på emnet, og tre av oss takka ja til å møtast fysisk til oppstartssamling ved studiesenteret.
Det som gjer dette særleg spennande, er at UiB og SLATE har justert læringsdesignet slik at studiesentera kan gjennomføre meiningsfulle, lokale aktivitetar i tilknyting til det digitale opplegget. Under samlinga spelte vi eit spel knytt til tematikken i emnet, anbefalt av UiB og lånt av Eid vidaregåande skule.
Tilbakemeldingane frå deltakarane var både tydelege og samstemte:
– Dette var utruleg kjekt, og vi opplever at vi har lært meir enn vi ville gjort åleine.
Vidare har vi avtalt totalt tre fysiske treff lokalt, kombinert med tre nettsamlingar i løpet av mikromodulen. Det er også studentar som møtest i Sogn, og det kan bli aktuelt å kople gruppene saman undervegs der det passar.
Denne organiseringsforma er det vi ofte omtalar som ein «node» ved lokale studiesenter. Undervisninga skjer nettbasert, men studiesentera skapar ein viktig tilleggseffekt ved å samle studentane lokalt – med både faglege og sosiale element som styrkar læringsutbyttet.
Vi vil rette ei stor takk til studentane som møtte opp, og til UiB for eit svært godt samarbeid. Erfaringane frå denne samlinga gir verkeleg tru på framtida for fleksibel, desentralisert utdanning – lokalt der folk bur.
Sist oppdatert: 10.02.2026
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir
Våren 2026 kan du delta på tre gratis webinar om opptak og utdanningsval. Arrangementa gir nyttige råd både for søkarar og for karriereveileiarar, og tek opp tema som søknadsprosess, opptaksreglar og korleis finne rett studium. Det blir ingen opptak, så meld deg på og følg sendingane direkte.
Les meir