Denne våren kan du delta på tre gratis webinar i regi av Samordna opptak og Karriereveiledning.no. Her får du nyttige råd om søknadsprosess, opptaksreglar og korleis du kan finne utdanninga som passar for deg – eller for dei du rettleier.
Foto: Bilete henta frå Canva
Samordna opptak og Karriereveiledning.no inviterer til ei ny runde med gratis og uforpliktande webinar for alle som skal søkje høgare utdanning, og for dei som arbeider med karriere- og utdanningsrettleiing. Det blir ingen opptak, så meld deg på og følg sendingane direkte.
PDF-oversikta Høgare utdanning – webinar viser tre arrangement i perioden januar til april 2026, med fokus på opptaksreglar, utdanningsval og direkte spørsmål frå publikum.
Tidspunkt: 27.01.2026, kl. 13:30–14:15
Målgruppe: Karriereveileiarar, rådgjevarar og andre som rettleier søkarar.
Innhald:
- Korleis søknadsprosessen fungerer
- Kva reglar som gjeld
- Kva veisøkjarar treng å vite for å søkje høgare utdanning
Påmelding: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_JxICdq6hTTqXFddgFa8HqA
Tidspunkt: 03.03.2026, kl. 12:30–13:30
Målgruppe: Personar som skal søkje universitet, høgskule eller fagskule.
Innhald:
- Tips til korleis finne utdanning som passar
- Forskjellen mellom vidaregåande, universitet og fagskule
- Kven som kan hjelpe deg i valprosessen
Du kan stille spørsmål i chatten undervegs.
Påmelding: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_5V_gUYDlTHGzEUvkYi6dKw
Tidspunkt: 15.04.2026, kl. 15:00–15:45
Målgruppe: Alle som lurer på opptak, utdanningsval og søknadsprosessen.
Innhald:
Ein open og uformell livestream der du kan stille spørsmål anonymt eller følgje med på kva andre lurer på. Karriereveileder Margrete Nygaard og Christoffer Vassbotn svarer direkte.
Ingen påmelding – ope for alle.
Lenke til sendinga: https://hkdir-no.zoom.us/webinar/register/WN_1HXUGpzLTwK9PegUD-JgHA
Sist oppdatert: 08.12.2025
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir