Er du etablert i Nordfjord, Sunnfjord eller i andre distriktskommunar og ønskjer å ta utdanning? Vi legg tilrette for livslang læring, der du bur!
Sjå utdanningar Sjå lokale utdanningar og arrangementUtdanningar som StudieHubben jobbar spesielt opp mot deg som bur i Nordfjord og Sunnfjord.
Les meirEin lesesal nær deg. Book deg ein gratis leseplass.
Book herØnskjer du å ta fleksibel og desentralisert utdanning? Her er kanskje Noregs beste oversikt.
Les meirØnskjer du å auke din kompetanse? Karriere Vestland tilbyr gratis karriererettleiing til vaksne.
Les meir
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir
UiB og SLATE tilbyr tre nettbaserte masteremne om menneske og kunstig intelligens hausten 2026. Emna handlar om menneske-KI-system, KI for læring og dataanalyse, og kan takast enkeltvis eller som fleire emne same semester. Tilbodet er nettbasert og på deltid, og kan vere relevant for personar i arbeid som ønskjer meir kompetanse om KI, læring og digitale miljø.
Les meir
UiB og SLATE startar hausten 2026 eit nytt nettbasert mikroemne om trygg og pedagogisk bruk av KI i skulen. Emnet passar særleg for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, men kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med undervisning og kompetanseutvikling. StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen, slik at deltakarane kan dele erfaringar og knyte innhaldet til eigen praksis.
Les meir
Hausten 2026 tilbyr UiB Videre det nettbaserte deltidsstudiet Perspektiver på energiomstillingen i samarbeid med StudieHub. Emnet gir 10 studiepoeng på masternivå og tek føre seg energiomstilling frå fleire faglege perspektiv, mellom anna naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi. Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om berekraft, teknologi, klima og samfunnsutvikling.
Les meirØnsker du å få oppdateringar frå oss i StudieHub - Fjordane Studiesenter? Vi delar gjerne tips og idear knytt til fleksibel og livslang læring med deg!
Meld deg på her