Jobbar du i barnehage eller skule og møter krevjande situasjonar i kvardagen? No kan du ta ei gratis fagskuleutdanning som gir deg konkrete verktøy for førebygging, trygg handtering og god samhandling med barn og føresette.
Foto: Bilete er henta fra Tirna si nettside
Oversikt over utdanninga
Namn på utdanninga/emnet: Trygg handtering av utfordrande situasjonar i oppvekstsektoren
Tilbydar: Tirna
Studiepoeng: 30
Nivå: Fagskule (NKR nivå 5.1/5.2)
Krav til studierett: Open for kvalifiserte søkjarar
Krav til forkunnskap: Relevant fagbrev eller realkompetanse innan helse- og oppvekstfag
Format: Deltid, digital undervisning og samlingar
Studiestad: Nordfjordeid (med digitale økter)
Undervisningsspråk: Norsk
Varigheit: 2 semester
Søknadsfrist: 15. september 2026
Oppstart: 15. september 2026
Arbeid i barnehage og skule kan vere både meiningsfullt og krevjande. Med aukande merksemd på utfordrande åtferd og behovet for tidleg innsats, er det viktig med oppdatert kompetanse i sektoren.
Fagskuleutdanninga «Trygg handtering av utfordrande situasjonar i oppvekstsektoren» gir deg kunnskap og praktiske verktøy for å møte krevjande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte. Gjennom studiet lærer du om:
betydninga av førebygging og tidleg innsats
forsvarlege teknikkar for trygg handtering
kommunikasjon og samhandling med barn og føresette
rettleiing og refleksjon i profesjonsfellesskapet
Studiet er organisert på deltid over eitt år og kan kombinerast med jobb. Undervisninga består av digitale økter tysdagar kl. 17–21, samt to samlingar per semester. Utdanninga er gratis, og det einaste du betaler er ein studentavgift på kr 700. Studiet er godkjent i Lånekassen.
Utdanninga passar særleg for barne- og ungdomsarbeidarar, miljøarbeidarar og andre tilsette i oppvekstsektoren som ønskjer å styrkje sin faglege tryggleik i møte med utfordrande situasjonar.
Eksamen omfattar skriftlege oppgåver i emne 1–3 og munnleg eksamen i emne 3.
Sist oppdatert: 26.02.2026
Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit praksisnært kurs på 5 studiepoeng, utvikla av NMBU i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse. Kurset handlar om matsikkerheit, ressursbruk, matsvinn, klima og lokale matsystem i Vestland. Det kombinerer fysiske samlingar i Lærdal og på Sandane med digital undervisning og praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper.
Les meir
UiB og SLATE tilbyr tre nettbaserte masteremne om menneske og kunstig intelligens hausten 2026. Emna handlar om menneske-KI-system, KI for læring og dataanalyse, og kan takast enkeltvis eller som fleire emne same semester. Tilbodet er nettbasert og på deltid, og kan vere relevant for personar i arbeid som ønskjer meir kompetanse om KI, læring og digitale miljø.
Les meir
UiB og SLATE startar hausten 2026 eit nytt nettbasert mikroemne om trygg og pedagogisk bruk av KI i skulen. Emnet passar særleg for lærarar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule, men kan også vere relevant for skuleleiarar og andre som arbeider med undervisning og kompetanseutvikling. StudieHub legg til rette for lokale samlingar i regionen, slik at deltakarane kan dele erfaringar og knyte innhaldet til eigen praksis.
Les meir