Scroll top

Lær meir om energiomstilling i nytt nettbasert deltidsstudium

Vidareutdanning

Deltid

Master-nivå

Nettbasert

Haust 2026

Hausten 2026 tilbyr UiB Videre emnet Perspektiver på energiomstillingen. Studiet gir deg ei brei og tverrfagleg forståing av utfordringar og moglegheiter knytte til energiomstilling, berekraft og overgangen til eit lågutsleppssamfunn.

Foto: Thai Noipho/Colourbox.com

Om utdanninga

  • Namn på utdanninga/emnet: Perspektiver på energiomstillingen
  • Emnekode: ENERGI670
  • Tilbydar: UiB Videre
  • Samarbeidspartnar: StudieHub – Fjordane Studiesenter
  • Studiepoeng: 10 studiepoeng
  • Nivå: Masternivå
  • Format: Nettbasert deltidsstudium
  • Studiestad: Nettbasert, med frivillig fysisk samling i Bergen
  • Undervisningsspråk: Engelsk
  • Varigheit: Eitt semester, deltid over om lag 15 veker
  • Oppstart: Tidleg september 2026
  • Studieavgift: Introduksjonspris kr 11 000
  • Semesteravgift: Kr 650
  • Vurdering: Digital heimeeksamen, bestått/ikkje bestått
  • Søknadsbehandling: Dei første søknadene blir behandla rundt 15. mai

Hausten 2026 startar UiB Videre eit nytt nettbasert deltidsstudium om energiomstilling. Emnet Perspektiver på energiomstillingen gir ei brei og tverrfagleg tilnærming til berekraft og global energiomstilling, med perspektiv frå naturvitskap, samfunnsvitskap, jus, etikk og økonomi.

Studiet passar for deg som ønskjer meir kunnskap om kva energiomstilling inneber, kva som driv utviklinga, og kva utfordringar samfunnet står overfor i overgangen til eit meir berekraftig energisystem og lågutsleppssamfunn.

Emnet er på masternivå og kan takast som ei frittståande vidareutdanning. UiB planlegg at emnet på sikt kan inngå som del av ei erfaringsbasert masterutdanning i fornybar energi som er under utvikling ved universitetet.

Kva handlar studiet om?

Energiomstilling er eit av dei store samfunnsspørsmåla i vår tid. Overgangen til meir berekraftige energisystem handlar ikkje berre om teknologi, men også om klima, ressursbruk, lovverk, økonomi, politikk, arealbruk og etiske vurderingar.

Gjennom studiet får du innsikt i sentrale spørsmål knytte til energiomstilling og berekraft. Du lærer om klimaendringar, fornybare energikjelder, teknologiar som hydrogen, CO2-fangst og lagring, mineralbehov og kunstig intelligens, og om juridiske og samfunnsmessige rammer for omstillinga.

Studiet er delt inn i seks tematiske modular:

  1. Innføring i energiomstilling og berekraft
    Du får ei overordna innføring i sentrale omgrep og problemstillingar.
  2. Bakgrunn for energiomstillingen
    Modulen tek føre seg klimaendringar, årsaker og konsekvensar, og etiske og moralske dilemma knytte til ansvar og byrdefordeling.
  3. Fornybare energikjelder og energilagring
    Du får ei kort oversikt over ulike fornybare energikjelder, med særleg vekt på energi- og undergrunnslagring.
  4. Naturressursar og teknologi
    Modulen handlar om ressursar og teknologiar som er avgjerande for energiomstillingen, og kva tilgang og utnytting av desse kan bety.
  5. Juridiske rammer
    Du lærer om juridiske aspekt ved energiomstillinga og relevante regulatoriske og lovmessige rammeverk.
  6. Energiomstilling og samfunn
    Den siste modulen tek føre seg tema som arealbruk, samfunnsvitskap, politikk og økonomi.

Sentrale tema i studiet

Gjennom emnet får du arbeide med sentrale tema som:

  • drivkrefter og motivasjon i overgangen til eit meir berekraftig energisystem og lågutsleppssamfunn
  • klimaendringar, ressursgrunnlag og teknologiar som mogleggjer energiomstilling
  • hydrogen, CO2-fangst og lagring, mineralbehov og kunstig intelligens
  • miljømessige, tekniske, juridiske, økonomiske og samfunnsvitskaplege sider ved energiomstilling
  • juridiske rammeverk og regulatoriske mekanismar som styrer og påverkar energiomstillinga

Slik er studiet lagt opp

Studiet går på deltid over om lag 15 veker i haustsemesteret. Undervisninga er 100 prosent nettbasert og går føre seg via UiB si læringsplattform Mitt UiB.

For kvar av dei seks modulane får du tilgang til videoførelesingar, oppgåver og diskusjonsforum. Du skal også løyse quizar i etterkant av førelesingane.

Hausten 2026 startar studiet med eit felles digitalt oppstartsmøte tidleg i september. Dato kjem seinare.

Det blir lagt opp til ei frivillig fysisk heldagssamling i Bergen i slutten av oktober. Denne samlinga er ikkje obligatorisk, og du vel sjølv om du har tid og høve til å delta. I tillegg planlegg UiB ei eller to digitale samlingar på ettermiddagstid i løpet av semesteret.

I løpet av hausten skal du skrive ei semesteroppgåve. Både oppgåvene knytte til kvar modul og semesteroppgåva må vere godkjende før du kan ta avsluttande eksamen.

Studiet blir avslutta med digital heimeeksamen. Eksamen blir vurdert til bestått eller ikkje bestått.

For deg som vil forstå meir av det grøne skiftet

Energiomstilling påverkar både arbeidsliv, lokalsamfunn, næringsutvikling og offentleg planlegging. For regionar som Nordfjord og Sunnfjord er kunnskap om berekraft, ressursbruk, teknologi og samfunnsutvikling relevant i mange samanhengar, både i privat næringsliv, offentleg sektor og frivillig arbeid.

Studiet kan vere aktuelt for deg som arbeider med energi, miljø, berekraft, planlegging, forvaltning, utviklingsarbeid, rådgiving, leiing eller undervisning. Det kan også passe for deg som ønskjer å byggje vidare kompetanse innan klima, teknologi og samfunnsutvikling.

StudieHub samarbeider med UiB Videre

UiB Videre er tilbydar av studiet, og StudieHub – Fjordane Studiesenter samarbeider med UiB Videre om å gjere tilbodet kjent og tilgjengeleg for deltakarar i vår region.

StudieHub arbeider for at fleire i Nordfjord og Sunnfjord skal få tilgang til relevant høgare utdanning og vidareutdanning, også når studia er nettbaserte og fleksible. For deltakarar som ønskjer å kombinere studiet med jobb og kvardag, kan lokale møteplassar og læringsfellesskap vere ein viktig støtte.

Gjennom StudieHub kan studentar i regionen få tilgang til leseplassar i Studentstovene. Når fleire tek same eller liknande utdanningar, kan det også vere mogleg å leggje til rette for lokale møtepunkt der studentar kan arbeide saman, delta digitalt og bli del av eit fagleg fellesskap.

Pris og avgifter

Emnet blir tilbode for første gong hausten 2026 og har ein introduksjonspris på kr 11 000. Ordinær studieavgift vil vere om lag kr 25 000.

Studieavgifta inkluderer undervisning og eksamen. Pensumlitteratur og eventuelle utgifter til reise og opphald i samband med den frivillige samlinga i Bergen kjem i tillegg.

Alle studentar må også betale lovpålagd semesteravgift på kr 650 per semester.

Søknad og meir informasjon

Dei første søknadene blir behandla rundt 15. mai.

Har du spørsmål om søknad, dokumentasjon, søknadsfristar eller status for eigen søknad, kan du kontakte UiB Videre:

E-post: videre@uib.no
Telefon: 55 58 20 40

Har du spørsmål om korleis StudieHub kan støtte studentar lokalt, eller ønskjer du å vite meir om leseplassar og lokale møteplassar i regionen, kan du kontakte StudieHub – Fjordane Studiesenter.

Les meir og søk plass her.

Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 06.05.2026

Fleire lokale utdanningar og arrangement

Tre fleksible DIGI-emne hausten 2026

Hausten 2026 kan du ta tre korte, nettbaserte DIGI-emne innan programmering, kunstig intelligens og data og demokrati. Emna gir 2,5 studiepoeng kvar og passar for deg som ønskjer fleksibel kompetanseheving ved sida av jobb eller andre forpliktingar. Påmelding opnar 18. mai.

Les meir

Ta nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi

Universitetet i Bergen tilbyr nettbaserte mikroemne om klima, miljø og energi. Emna er på 2,5 studiepoeng, opne for alle og kan takast ved sidan av jobb. Dei to første emna startar hausten 2026 og handlar om berekraft i praksis og klima, konsekvensar og løysingar.

Les meir

Ny fagskule: Trygg handtering av utfordrande situasjonar i oppvekstsektoren

Ei gratis fagskuleutdanning på 30 studiepoeng for deg som jobbar i oppvekstsektoren og ønskjer meir kompetanse i førebygging, trygg handtering og rettleiing i møte med utfordrande situasjonar. Oppstart 15. september 2026 i Nordfjord.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet