Gjennom Erasmus+-prosjektet Together for Lifelong Learning har studiesenter i Noreg, Sverige og Danmark samarbeidd om å styrkje tilgangen til livslang læring i distrikta. Prosjektet vart nyleg avslutta med ei digital avslutningskonferanse og klare planar for vidare samarbeid.
Som avslutning på Erasmus+-prosjektet Together for Lifelong Learning inviterte prosjektpartnarane til ei digital avslutningskonferanse der erfaringar, resultat og læringspunkt frå prosjektperioden vart delte og diskuterte. Konferansen samla studiesenter, utdanningsinstitusjonar, beslutningstakarar og andre aktørar med interesse for livslang læring og desentralisert utdanning.
Prosjektet har vore eit Erasmus+ småskalapartnarskap (KA210) og har samla StudieHub – Fjordane Studiesenter, Campus Värnamo og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter (HUSC). Felles for partnarane er ønsket om å styrkje tilgangen til utdanning for vaksne som bur i distrikts- og regionområde.
Bakgrunnen for samarbeidet er felles nordiske utfordringar. Mange vaksne har avgrensa moglegheit til kompetanseheving på grunn av lange avstandar, lite fleksible utdanningstilbod og manglande lokale støttestrukturar. Gjennom prosjektet har partnarane utforska korleis studiesenter kan fungere som strategiske knutepunkt for fleksibel, inkluderande og desentralisert utdanning.
I avslutningskonferansen vart det lagt til rette for felles refleksjon rundt kva prosjektet har bidrege med, og kva som bør takast vidare. Gjennom korte presentasjonar, videoklipp og dialogbaserte bolkar delte partnarane erfaringar knytt til:
samarbeid på tvers av land
digitale og hybride arbeidsformer
studentperspektivet
studiesentera si rolle i regionale kompetansesystem
Eit sentralt tema i diskusjonane var korleis studiesenter kan fungere som strategisk infrastruktur for livslang læring – ikkje berre som lokale tilbod, men som bindeledd mellom kommunar, regionar, utdanningstilbydarar og arbeidsliv. Finansiering og styring vart òg løfta fram som avgjerande faktorar for å sikre berekraftige løysingar over tid.
Prosjektet har bestått av både digitale og fysiske møte, tematiske webinar, studiebesøk og nordiske konferansar. Eit særleg høgdepunkt var den nordiske konferansen om livslang læring i Bergen, der over 160 deltakarar frå Norden og Skottland deltok. I tillegg har ei digital minikonferanse om finansiering og styring av studiesenter bidrege til auka kunnskap om berekraftige modellar.
Samarbeidet med University of the Highlands and Islands i Skottland har gitt verdifulle europeiske perspektiv på desentralisert høgare utdanning, og vist korleis internasjonal erfaringsutveksling kan bidra til betre lokale løysingar.
Sjølv om prosjektperioden no er formelt avslutta, markerer avslutningskonferansen starten på ein ny fase. Partnarane er samde om å vidareføre samarbeidet gjennom nordiske nettverk. StudieHub – Fjordane Studiesenter og Campus Värnamo vil arbeide vidare med eit nytt Erasmus+ samarbeidsprosjekt (KA220), der målet er å utvikle og teste berekraftige nasjonale modellar for studiesenter. Partnarskapet vert utvida med nye deltakarar frå Noreg, Sverige og Island.
Prosjektet har vist at nordisk og europeisk samarbeid gir stor meirverdi – både for institusjonane, for beslutningstakarar og for vaksne som treng tilgang til utdanning der dei bur.
Opptak frå arrangementa er tilgjengelege på prosjektet si nettside: www.nordicstudycenters.org
Sist oppdatert: 04.02.2026
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir
Våren 2026 kan du delta på tre gratis webinar om opptak og utdanningsval. Arrangementa gir nyttige råd både for søkarar og for karriereveileiarar, og tek opp tema som søknadsprosess, opptaksreglar og korleis finne rett studium. Det blir ingen opptak, så meld deg på og følg sendingane direkte.
Les meir