No er oversikta over lokale kurs og utdanningar på nettsida vår oppdatert. Det er fortsatt ledige plassar på nokre av tilboda i haust. Vi er også godt i gang med planlegging av utdanningar og emnar våren 2025.
Foto: Freddie Marriage
StudieHub jobbar for å leggje til rette for desentralisert utdanning i Nordfjord og Sunnfjord. Vi er stolte av å kunne fortelje at vi no har fått på plass eit tilbod om helseleiarutdanning for helseleiarar i desse regionane. Totalt 57 deltakarar startar allereie i veke 35. Sjå oversikta over haustens utdanningar og kurs her. Legg også merke til utdanninga "Tverrfaglig utdanningsprogram knyttet til psykoterapi og psykososial rehabilitering (SEPREP TU)" her er søknadsfristen allereie 1. september! Dette er ei utdanning med fysiske samlingar i Nordfjord.
Vi er også godt i gang med planlegginga av utdanningar og emne som startar våren 2025. Her er ein kort og førebels oversikt. Meir informasjon om utdanningane kjem i løpet av hausten:
Ny modul innafor helseleiing
Bur du i Nordfjord og Sunnfjord og har kome inn på ei utdanning i haust, eller er du allereie i gong med ei utdanning? Ta kontakt, slik at vi fortjelje deg om våre tenester og kontakte deg, dersom vi har arrangementer som kan passe for deg.
Vi ønskjer alle studentar eit riktig god og lærerikt semester. :)
Sist oppdatert: 16.08.2024
Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!
Les meir
Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.
Les meir
StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.
Les meir