Scroll top

Knytt kontakt mellom studentar og næringsliv – Bachelor- og Master-Pitch 2025

StudieHub

Inviro

Samarbeidspartnarar

Aktuelle tips

Er du student og ser etter ei spennande bachelor- eller masteroppgåve? Eller representerer du ei bedrift (privat eller offentleg) som ønskjer fersk kunnskap og nye perspektiv? På vår Bachelor- og Master-Pitch under Nordfjordtreffet 2025 kan de finne kvarandre!

Foto: Priscilla Du Preez

Meld deg på her! 


StudieHub - Fjordane Studiesenter arrangerer også i år Bachelor- og Master Tips/Pitch i samarbeid med Nordfjordkompaniet og Studiesenter Kysten (avdeling Måløy).

For studentar: Er du på jakt etter ei bachelor-, master- eller fagskuleoppgåve med sterk tilknyting til arbeidslivet? Gjennom vår Bachelor- og Master-Pitch får du tilgang til reelle problemstillingar frå bedrifter i ulike bransjar. Dette gir deg moglegheita til å arbeide med relevante utfordringar og skape verdi for framtidige arbeidsgivarar.

For bedrifter: Ønskjer di verksemd nye perspektiv, forskingsbasert kunnskap og moglegheita til å knyte kontakt med framtidige arbeidstakarar? Gjennom vår pitch-ordning kan de skildre aktuelle problemstillingar som studentar kan arbeide med i sine oppgåver. De får tilgang til studentar som er motiverte for å bidra til innovasjon og utvikling i dykkar bransje.

Kvifor delta?

Studentar får tilgang til praksisnære oppgåver og kontakt med framtidige arbeidsgivarar
Bedrifter får fersk kunnskap og moglegheita til å samarbeide med dyktige studentar
✅ Nettverksbygging mellom studentar, akademia og næringsliv
✅ Moglegheit for framtidig rekruttering

Slik fungerer det:

  • Bedrifter sender inn korte "pitcher" med forslag til oppgåver for studentar.
  • Studentar sender inn sine eigne "pitcher" der dei presenterer sine faglege interesser og kva type oppgåver dei ser etter.
  • StudieHub – Fjordane Studiesenter, i samarbeid med Nordfjordkompaniet og Studiesenter Kysten, vidareformidlar pitchane til aktuelle studentar og bedrifter.
  • Under Nordfjordtreffet 2025 arrangerer vi ei samling der vi presenterer bedrifter som er opne for samarbeid.

🔗 Les meir og sjå døme på tidlegare pitcher her.

Praktisk informasjon for studentar:

Vi inviterer studenter til Nordfjordtreffet 2025 til ei eiga økt om oppgåveskriving i samarbeid med næringslivet.
📍 Stad: Nordfjordhallen
Tidspunkt: 16.00-17.00

I tillegg får deltakarane moglegheit til å delta på fagleg innlegg ved Fredrik Fornes kl. 17.15-18.15.

📢 Bonusoppleving!
Nordfjordkompaniet arrangerer ein alternativ topptur som du kan melde deg på. 


🎯 Vil du delta?
Send inn din Pitch her: https://forms.office.com/e/HMHekSB62S, så formidlar vi den vidare til relevante bedrifter og offentlege aktørar.

📌 Flygeblad:
🔹 For studentar: Sjå meir her
🔹 For næringslivet: Sjå meir her

Interessert?
Studentar: Registrer deltaking her: https://forms.office.com/e/BHq...
Bedrifter: Registrer interesse her: https://forms.office.com/e/HMHekSB62S

Kari frå StudieHub eller Anne-Stine frå Studiesenter Kysten tek kontakt for meir informasjon.

Vi gler oss til eit spennande samarbeid som kan forme framtida for både studentar og næringslivet i regionen!

Kari Rygg

Sist oppdatert: 12.02.2025

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet