Scroll top

Bachelor- og Master Pich - Nordfjordtreffet 2024 + StudieHub sin eigen Pitch til studentar!

Føremålet med Bachelor- og Master- Pitch er å formidle kontakt mellom studentar og næringsliv i Nordfjord.

Foto: Felipe Furtado

Bachelor og Master Pitch skal gjere det enklare for studentar på høgare utdanning å skrive si bachelor, master eller fagskuleoppgåve i samarbeid med lokalt privat- eller offentleg næringsliv i Nordfjord!

Under NT24 arrangerte vi (StudieHub og Nordfjordakademiet) for første gang ei samling med studentar der studentane fekk presentert dei bedriftene som hadde vist interesse for å «Pitche» seg sjølv. Samlinga blei gjennomført i kontorfelleskapet «Spire», og her presenterte mellom anna Jannicke Lindvik SFE sine erfaringar i å samarbeide med studentar,. Maria Thaule, fortalte om sine erfaringar knytt til å skrive ei oppgåve i samarbeid med næringslivet.

  • Høyrest dette spennande ut for di bedrift?
  • Er du student og ønskjer å knyte kontakt med ei offentleg eller privat verksemd for oppgåveskriving eller praksis/intership?

Då kan du ta kontakt med Kari. (kari@inviro.no / 95287575) så vil du bli kontakta av Kari frå StudieHub å få meir informasjon.

KS gir 25 000 kr i masterstipend til 61 masterstudentar og her kan du lese meir om kva for tematikkar som har fått støtte. Dette er gode døme på hva for FoU-arbeid som masterstudentar kan gjere i offentleg sektor. Her er eit av døma frå KS:

  • Trygt og godt skolemiljø
    Hvordan profesjonsfellesskapet kan møte utfordringene med at mange elever ikke opplever et trygt og godt skolemiljø (Heidi Fidje Andersen). Bakgrunnen for masteroppgaven er ambisjoner i opplæringsloven om inkluderende læringsmiljø i kontrast til blant annet økende mobbetall. Materoppgaven tar sikte på å knytte sammen teori om trygt og godt skolemiljø, skolekultur, profesjonsfellesskap og mobbing opp mot empiri og hva som skjer i det virkelige livet i skolen. Den ønsker å finne svar på hvordan en utnyttelse av teorien i større grad kan øke kvaliteten på arbeidet mot elevene.

Her er vår eigen "pitch" som vi løfta fram for studentane på samlinga:
Ønskjer du å utforske kompetanse- og distriktspolitikk gjennom eit samarbeid med StudieHub – Nordfjord Studiesenter? Vi søkjer ny innsikt i korleis studiesenter og fylkeskommunar kan samarbeide om regional kompetanseutvikling. Distriktsmeldinga understrekar viktigheita av å styrkje det regionale ansvaret for kompetansepolitikk for å sikre tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Vi ønskjer å forstå betre samspillet mellom studiesenter og fylkeskommunar for å fremje regional kompetanse.

Korleis kan dette ansvaret utøvast gjennom samarbeid med regionale studiesenter, og kva for erfaringar har ein med slike samarbeid?

Moglege forskingstema inkluderer fylkeskommunen si rolle i kompetansepolitikken, erfaringar med samarbeid mellom fylkeskommunar og studiesenter, og korleis slikt samarbeid er organisert. StudieHub – Nordfjord Studiesenter oppfordrar studentar til å føreslå eigne tema relatert til denne tematikken og velje forskingsmetode etter interesse.

Vi tilbyr ein fagleg kontaktperson, tilgang til vårt nettverk og fagmiljø, Studentstova i Nordfjord for arbeid og møter, rettleiing, samt tilgang til relevant kjeldemateriale.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 14.02.2024

Fleire saker

Gratis webinar om opptak og val av høgare utdanning – våren 2026

Våren 2026 kan du delta på tre gratis webinar om opptak og utdanningsval. Arrangementa gir nyttige råd både for søkarar og for karriereveileiarar, og tek opp tema som søknadsprosess, opptaksreglar og korleis finne rett studium. Det blir ingen opptak, så meld deg på og følg sendingane direkte.

Les meir

Invitasjon: Bachelor-prosjekt, Informasjonsteknologi 2026

Dette er ei verdifull moglegheit for bedrifter til å få utført konkrete utviklingsoppgåver, teste ut nye idear – og knyte til seg kompetente IT-studentar som kan bli framtidige medarbeidarar.

Les meir

Nordisk konferanse for livslang læring samla deltakarar frå heile Norden

Den nordiske konferansen for livslang læring i Bergen samla deltakarar frå heile Norden og Skottland til to dagar med fagleg påfyll, deling av erfaringar og samarbeid om framtidas fleksible utdanningstilbod.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet