Scroll top

Visste du at bedrifter og offentlege virksomheter kan søke forskningsrådet om midlar til doktorgradsprosjekt?

StudieHub

Arbeidsgjevarar i både offentleg og privat sektor kan søkje om støtte slik at tilsette kan gjennomføre eit doktorgradsprosjekt gjennom ordningane Nærings-ph.d. og Offentleg Ph.d. Prosjekta som ein kan søkje om midlar til, skal vere relevante for verksemda sitt ansvarsområde og bidra til å byggje kunnskap og kompetanse som er relevant og nyttig for verksemda.

Er dette noko for deg? Du kan allereie no søkje på utlysinga til Offentleg sektor Ph.d. med søknadsfrist 6. mars, medan Nærings-ph.d. blir lyst ut seinare i år.

Les meir om offentleg Ph.d. her. -Og her kan du lese meir om nærings-Ph.d.

Eit døme på Offentleg Ph.d.: Ei etablert ordning for lærarar. Det er mogleg for lektorar, samt for barnehagelærarar, lærarar, yrkesfaglærarar og andre innan utdanningsfeltet med hovudfag/mastergrad å søkje opptak til doktorgradsprogram. Dei siste åra er det utvikla eigne doktorgradsprogram spesielt retta mot lærarprofesjonen. Universitetet i Sørøst-Norge tilbyr doktorgradsprogrammet Pedagogiske ressursar og læreprosessar i barnehage og skule, og Nord universitet tilbyr Ph.d. i studiar av profesjonspraksis, der doktorgradsprogrammet sitt fag- og forskingsfelt er profesjonspraksis, med praktisk kunnskap som kjernepunkt. Les meir her.

Eit døme på Nærings-ph.d.: Havbruksnæringa SINTEF Ocean AS har fått 12 millionar til å forske på noninvasiv biologiske varslingssystemer: overvaking av oppdrettsfisk og miljø for å forbetre velferda i akvakultursystem. Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med partnarar i Spania og Storbritannia. Her er lenke til prosjektet, om du ønskjer å lese meir om dette.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 16.02.2024

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet