No kan du ta utdanning i motivasjonspsykologi (15 STP) med studiestad Sandane.
Dette studiet er ein del av Folkeuniversitetet sitt desentraliserte utdanningsprogram innan arbeidslivspsykologi. Emnet Motivasjonspsykologi er det tredje og siste av dei 3 faga i dette programmet og gjer deg ei grunnleggande innføring i sentrale faktorar som påverkar individet si åtferd og prestasjonar. Det er ikkje noka problem å studere dette sjølv om du ikkje har teke dei to første faga – Arbeids- og organisasjonspsykologi 30 STP og Personalpsykologi 15 STP. Desse faga vil bli sett opp att – då truleg med Førde som studiested.
Studiet gir deg m.a. innsikt i forsking og teori som viser korleis samspelet mellom person og omgjevnader aukar eller reduserer vår motivasjon.
Kurset er ope for alle, men er særleg relevant for leiarar, mellomleiarar og personar med personalansvar i både offentleg og privat sektor. Forelesarane på kurset er m.a tilknytt fagmiljø innan organisasjonspsykologi og utdanningsinstitusjonar som UiB og BI. Meir informasjon om kurset + søknadsskjema finn du på Folkeuniversitetet si nettside om faget.
Dersom du ønskjer å ta eksamen i emnet, kan du melde deg opp til eksamen som privatist ved Universitetet i Bergen via Folkeuniversitetet. Eksamen i emnet Motivasjonspsykologi gjev 15 studiepoeng. Her finn du UiB si eiga side om faget med link til pensum, eksamen etc. https://www.uib.no/emne/PSYK109
Semesteravgifta til UiB koster 590,- NOK. Den består av to delar:
550 NOK av semesteravgiften går til Sammen og er obligatorisk å betale hvert semester. Sammen jobber for at alle studenter skal ha tilgang til en rekke ulike velferdstilbud. 40 NOK er en frivillig støtte til studentorganisasjonen SAIH sitt arbeid for å fremme utdanning i Asia, Afrika og Latin-Amerika.
UNDERVISNING OG/ELLER VURDERING VÅREN 2024:
NB! Ein kan og delta på kurset utan å ta eksamen. Då følgjer ein forelesingane og får tilsendt kursbevis etter fullført studium.
Kurspris: Kr. 17 500,-
Eksamensavgift til UiB kr. 590,-
Kostnadar til litteratur kjem i tillegg.
Tidsplan:
Samling 1 - laurdag 27. og søndag 28 januar
Samling 2 - laurdag 09. og søndag 10. mars
Samling 3 - laurdag 06. og søndag 07. april
Samling 4 - laurdag 04. og søndag 05. mai
Sist oppdatert: 06.11.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir