Heim/Aktuelt/Vil du lær meir om HR og personalutvikling?
HR og personalutvikling
Fagskolen Rogaland startar eit nytt studietilbod i HR og personalutvikling, 60 studiepoeng med planlagt oppstart i 2024. Utdanninga passar for deg som har fagskulegrad innafor merkantile utdanningar, som for eksempel Administrasjonsleiing. Ønskjer du fagleg tyngde og ein ettertrakta kompetanse der du kan gå rett ut i jobb, er dette utdanninga for deg.
Emne
Emne 1: HR og organisasjonar (15 studiepoeng)
Emne 2: Rekruttering og personalutvikling (15 studiepoeng)
Emne 3: Personalleiing (15 studiepoeng)
Emne 4: Arbeidsrett (10 studiepoeng)
Emne 5: Prosjektoppgåve (5 studiepoeng)
Kven passar utdanninga for
HR og personalutvikling er ein høgare fagskolegrad som dekker eit behov i alle bransjar og næringar. Utdanninga rettar seg mot personar med interesse for ei stilling og yrkesutøving innafor HR og personalutvikling, som er et viktig yrkesområde uansett industri eller bransje man opererer i. Vårt mål er å gi studentane ein dagsaktuell og framtidsretta tilnærming til HR og personalutvikling, der dei praktiske komponentane ved yrket står i sentrum.
Aktuelle stillingar etter fullført utdanning er personalmedarbeidar, personaladministrator, butikksjef, dagleg leiar, kontorleiar, administrasjonsleiar, rettleiar, arbeid innafor senterleiing- og administrasjon, franchisetakar, eller funksjonar knytt til anna administrativt arbeid.
Det er i dag eit stort innslag av personar som innehar ein fagskulegrad som ønskjer å utvide og utvikle si utdanning med spesifikk kompetanse innafor HR og personalutvikling. Det er uttrykt frå bransjen eit stort behov for auka kompetanse innafor denne utdanninga i kombinasjon med anna merkantil fagskuleutdanning.
Utdanninga passar for deg som har fagskulegrad innafor merkantile utdanningar, som for eksempel Administrasjonsleiing.
Pris
Utdanninga er offentleg finansiert. Kostnadar ved studiet er bøker, pc og skrivesaker som studenten sjølv må kjøpe inn, samt kopi/materiell avgift kr. 500,- per studieår.
Organisering
Studiet er organisert med faste digitale samlingar.
Varigheit og omfang
Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng.
Total studiebelastning er 1500 timar.
Opptakskrav
Opptakskrav er fagskolegrad innafor merkantile utdanningar, som til døme Administrasjonsleiing eller realkompetansevurdering der søkar må ha relevant arbeidserfaring innafor administrasjon, økonomi, personal, prosjekt, kontor eller liknande.
Arbeidserfaring må være dokumentert i form av stadfesting, attest eller tenestebevis og må innehalde stillingsstørrelse, stillingstittel, omfang og arbeidsoppgåver.
Generelle bestemmingar for opptak finnes i Forskrift om høgare yrkesfagleg utdanning ved Fagskolen Rogaland kapittel to (
se lovdata.no). Realkompetanse vil bli vurdert opp mot kompetansemåla i Vg3 fagplanar for et av de aktuelle faga vist til i avsnittet over.
Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål knytt til utdanninga.
Kari Rygg
Sist oppdatert: 24.10.2023