Scroll top

Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring

StudieHub

Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring er organisert som eit deltidsstudium over to år (tilsvarande eitt år på fulltid). Utdanninga er delt opp i emne med ulike tema og studiekrav knytt til desse.

Foto: Bruno Aguirre on Unsplash

Aldring og helse tilbyr frå hausten 2024 fagskuleutdanninga: Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring. Utdanninga er gratis og nettbasert. 1. februar blei det opna for opptak gjennom Samaorda opptak. De finn utdanninga ved å søkje etter "Utviklingshemning, miljøarbeid og aldring", i "Studieoversikten fagskole". Du får da opp to alternativ. Det står "Tønsberg" på begge utdanningane, og du må velje utdanninga der det står "Fagskolegrad, deltid, høst, nettbasert" - ikkje den som står "samlingsbasert, nettbasert".

Emne og tema i utdanninga

Emne 1
Felles grunnlag for fagskuleutdanningane i helse- og sosialfag (12 veker, 9 studiepoeng)

Emne 2
Utviklingshemning og aldring (12 veker, 9 studiepoeng)

Emne 3
Utviklingshemning og aldersrelaterte sjukdomer (16 veker, 12 studiepoeng)

Emne 4
Miljøbehandling for eldre med utviklingshemning (18 veker, 12 studiepoeng)

Emne 5
Organisering, system og leiing (7 veker, 6 studiepoeng)

Emne 6
Eksamen: Miljøbehandling i praksis (15 veker, 12 studiepoeng)

Arbeidsform i utdanninga

Nettbasert :

  • nettsamlinger av ulik varighet, avhengig
    av innhold og formål (12-14 samlingar for kvart år)

Studiekrav

  • praksisoppgåver
  • refleksjonsoppgåver
  • kartleggingsoppgåver
  • innlegg i diskusjonsforum

Studiekrava blir vurdert på bakgrunn av skriftlege innleveringar. Det å skrive oppgåve er derfor ein stor og viktig del i studiet. Alle oppgåver skrives på PC og sendast inn elektronisk i klasserommet på nett. Du er derfor avhengig av å disponere eigen PC eller Mac.

Oppfølging av studenter

Skulen legg stor vekt på personleg oppfølging av kvar enkelt student. Studentane får derfor grundige tilbakemeldingar på innsendte oppgåver (studiekrav).

Studieleiarane kan ein enkelt ta kontakt med på epost, telefon eller meldingar, for råd og rettleiing, oppmuntring og anna type hjelp ved behov.

Vi inviterer til informasjonsmøte i StudieHub - Nordfjord Studiesenter sine lokalar måndag 12. januar kl. 17. Meld di deltaking her. Siste frist er måndag 12. februar kl. 12.

Kari Rygg (tekst henta frå nettsida til Aldring og helse)

Sist oppdatert: 01.02.2024

Fleire saker

Finst det ein jobb for deg med di utdanning i Nordfjord?

Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!

Les meir

Frå kjøkkenbord til digitalt klasserom på Nordfjordeid

Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Les meir
Bilde fra innlegget

Lokale læringsfellesskap kan gi bedre læring i nettbaserte utdanninger

StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet