Scroll top

To millionar kroner til StudieHub – ein unik sjanse til vidare utvikling

StudieHub-Fjordane Studiesenter har motteke to millionar kroner i etableringsstøtte frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane Sparebanksiftelse. Støtta vil styrke tilboda innan livslang læring og bidra til kompetansebygging i regionen.

Foto: Ida Kvaalen

Denne veka kunne StudieHub-Fjordane Studiesenter glede seg over ei gåve på to millionar kroner frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane Sparebanksiftelse. Gåva vart overrekt som støtte til vidare drift og utvikling av studiesenteret, og blei feira med både storsjekk og kake.

– Det er med stor glede og djup takksemd at eg står her på vegne av StudieHub for å motta denne utruleg viktige etableringsstøtta, sa leiar Kari Eldby Rygg. Ho understreka kor viktig denne støtta er for å vidareføre satsinga på kompetansebygging, utdanning og livslang læring i Nordfjord og Sunnfjord.

Styrkar bulyst og rekruttering
StudieHub jobbar dagleg for å gi folk moglegheita til å ta utdanning der dei bur. Dette styrkar både bulyst, rekruttering av arbeidskraft og verdiskaping i regionen. – I Nordfjord og Sunnfjord handlar tilgang til utdanning om langt meir enn forelesningssalar og lærebøker. Det handlar om å gi folk høve til å utvikle seg – utan å måtte flytte frå heimstaden sin, understreka Rygg.

Unik moglegheit til vidareutvikling
– Med desse midlane får vi ein unik sjanse til å vidareutvikle studiesenteret, styrke tilbodet for studentane våre og leggje til rette for at endå fleire vaksne kan ta utdanning ved sidan av jobb og familie, sa Rygg. Støtta vil bidra til utvikling av nye studietilbod i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, næringslivet og kommunane for å møte kompetansebehova i regionen.

Stor takk til SpareBank 1 Sogn og Fjordane
StudieHub har store ambisjonar for framtida, og leiar Kari Eldby Rygg understrekar at dette ikkje er noko dei kan få til åleine: – Vi treng samarbeid og gode partnarar. Sparebankstiftinga har vist at de er med på laget, og det betyr enormt mykje for oss.

Dagleg leiar i Inviro, Øystein Nes, stadfesta at gåva gir grunnlag for vidare drift av StudieHub dei neste tre åra: – Vi skal vise kva denne investeringa vil bety for regionen og bygge eit sterkt, inkluderande og framtidsretta kunnskapsmiljø saman.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 20.02.2025

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet