Tilsette i industrien kan no få full løn i inntil to veker for å gjennomføre korte fagskuleutdanningar. Ordninga markerer starten på Industriens kompetansefond, med forpilot hausten 2025.
Foto: Bilde henta frå nettsida til Fagskulen Vestland
Tilsette i industrien får no eit kraftig løft for kompetansepåfyll. Gjennom Industriens kompetansefond kan bedrifter som er omfatta av Industriovereinskomsten søkje om lønsrefusjon, slik at medarbeidarar kan ta korte utdanningar utan å tape inntekt. Ordninga startar med ein forpilot hausten 2025.
Regjeringa har løyvd 100 millionar kroner til fondet. I piloten er det laga ein avgrensa kurskatalog med tolv utvalde fagskuletilbod som blir dekka av fondet. Fagskulen Vestland tilbyr desse fire studia i haust:
Skreddarsydde KI-system (nettbasert)
Elektronikkutvikling (nettbasert med éi samling i Førde)
Moderne måleteknikk (nettbasert med éi samling i Førde)
Robotteknologi (samlingsbasert Bergen/Stord)
Målet med Industriens kompetansefond er å få fleire tilsette til å gjennomføre bransjerelevant etter- og vidareutdanning, slik at norsk industri kan halde oppe og styrkje konkurransekrafta. Fondet er eit trepartssamarbeid mellom Fellesforbundet, Norsk Industri og staten.
— Vi trur at dette vil føre til at det blir enklare for mange bedrifter å gi fagarbeidarane sine ei kompetanseutviding, seier Eilert Årseth, prorektor for utdanning ved Fagskulen Vestland.
Slik kjem du i gang:
Ta kontakt med arbeidsgjevaren din for å avklare om verksemda er omfatta av Industriovereinskomsten og kan søkje om lønsrefusjon. StudieHub – Fjordane Studiesenter hjelper gjerne med informasjon om tilboda, praktiske avklaringar og påmelding.
Sist oppdatert: 09.10.2025
Dette er ei verdifull moglegheit for bedrifter til å få utført konkrete utviklingsoppgåver, teste ut nye idear – og knyte til seg kompetente IT-studentar som kan bli framtidige medarbeidarar.
Les meirDen nordiske konferansen for livslang læring i Bergen samla deltakarar frå heile Norden og Skottland til to dagar med fagleg påfyll, deling av erfaringar og samarbeid om framtidas fleksible utdanningstilbod.
Les meirWebinaret Fagbrev som vaksen – dine moglegheiter gir deg oversikt over dei ulike vegane til fagbrev for vaksne, tips til korleis du kan bruke erfaring og utdanning du har frå før, og råd om korleis du kan kome i gang. Passar for alle som vurderer å ta fagbrev eller bytte yrkesretning.
Les meir