Frå og med 1. april 2023 har StudieHub - Nordfjord Studiesenter vore eit viktig tilbod for vaksne studentar i Nordfjord.
No har studiesenteret bestemt seg for å endre namn frå StudieHub - Nordffjord Studiesenter til StudieHub - Fjordane Studiesenter. Dette er med bakgrunn i ein aukande etterspurnaden etter tenestene våre også i Sunnfjord.
Sjølv om Sunnfjord kommune har både campus Førde (Høgskulen på Vestlandet) og Fagskulen Vestland sitt studiested i Førde, er tilboda ved desse studiestadene avgrensa. Difor er det mange som ønskjer å ta, eller som allereie er i gang med, desentraliserte og fleksible utdanningar ved andre studiestader - også i Sunnfjord.
Arbeidet vårt i Sunnfjord og Nordfjord har allereie resultert i oppstarten av to klasser i helseleiing for helse- og omsorgsleiarar i Sunnfjord, Bremanger, Gloppen og Stryn. Dette er eit svært positivt tilskot, og vi er takksame for den tilliten kommunane og deltakarane viser oss,.
Logo på nettsida vil bli oppdatert. :)
Sist oppdatert: 28.08.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir