13. mai samlar vi politikarar, fagfolk og praktikere frå heile Norden til ein digital minikonferanse om finansiering og framtida til studiesentra. StudieHub er stolt medarrangør!
Foto: Photo by Markus Winkler on Unsplash
Korleis kan vi sikre berekraftig drift av studiesenter i heile Norden? Kva rolle spelar slike sentra for å gjere utdanning tilgjengeleg for alle – uansett kvar dei bur? Dette er spørsmål som vert løfta under den digitale nordiske minikonferansen om finansiering av studielandskap og læringssenter, som går av stabelen 13. mai 2025 kl. 09:00–12:00.
Konferansen er ein del av Erasmus+-prosjektet Sammen om livslang læring og samlar ei rekkje sentrale stemmer innan politikk, utdanning og regional utvikling. StudieHub – Fjordane Studiesenter deltek som medarrangør og er engasjert i å vidareutvikle samarbeid mellom studiesenter i heile Norden.
På programmet står blant anna:
Emil Raaen, statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, som presenterer Noregs visjonar for livslang læring.
Vegard Herlyng, leiar for dei norske studie- og utdanningssentra, gir eit historisk tilbakeblikk på utviklinga i Noreg.
Kathrin Jakobsen frå Vestland fylkeskommune deler innsikt i samarbeid og ny finansieringsmodell for fylket.
Representantar frå Sverige, Danmark og Island deler sine erfaringar og modellar for organisering og finansiering – med blikk for framtida.
Konferansen er digital og gratis, og det er mogleg å melde seg på via nordicstudysenters.org. Zoom-lenke vert sendt ut til påmelde deltakarar.
Sist oppdatert: 11.04.2025
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir