Scroll top

Studentstova, ein møteplass for studentar i Nordfjord

StudieHub

StudieHub – Nordfjord Studiesenter og Nordfjordkompaniet, i samarbeid med kommunar og næringsliv i regionen, utvidar no tilbodet med Studentstove også i Selje. Her vil studentar kunne nyte godt av funksjonelle leseplassar, tilrettelagt for å møte behova til dei som tek desentralisert utdanning.

Kari Rygg, ved StudieHub – Nordfjord Studiesenter har montert utstyr i Studentstova på Selje og sjekkar at alt er klart til dei første studentane. Utsikta er det ingen ting å utsette på.

Foto: Jan Ove Rygg

Stor interesse i Selje
Lokale pådrivarar, som Selje bygdeutviklingslag, Selje Hotel Invest og Gunnar T. Silden, sin innsats har vore avgjerande for at studentar i Selje no kan få tilgang til ei Studentstove i bygda. Opninga av den nye Studentstova i Selje har vekt stor interesse i lokalsamfunnet. Ei fersk undersøking delt på Facebook viser at det allereie er så mange som 13 personar som har meldt interesse for å bruke tilbodet. Dette inkluderer både vaksne som allereie er i gang med utdanning, og dei som planlegg å ta vidareutdanning. Mange av desse ser på Studentstova som ein viktig ressurs for å kunne studere effektivt når dei er heime. Denne etterspørselen speglar erfaringane frå dei andre studentstovene i Nordfjord.

Studentstove i Nordfjord
Med etableringa i Selje er det no seks Studentstover i Nordfjord: Selje, Nordfjordeid, Iglandsvik, Stryn, Sandane og Hornindal, samt det er ei til på veg i Svelgen fortel leiar for StudieHub, Kari Eldby Rygg. Studentstovene er opne 24/7 og er eit gratis tilbod til vaksne som tek desentralisert utdanning. Dei er utstyrt med moderne fasilitetar som ekstra skjermar, tastatur, mus, internett og tilgang til skrivar. I fleire av stovene finn ein også eit metodebibliotek, som er spesielt nyttig for bachelor- og masterstudentar, støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Studentane kan booke plass i Studentstova på nettsida til StudieHub, og nytte dei etter eige behov, seier Kari.

Sosialt og fagleg fellesskap
Kari framhevar kor viktig det er for studentane å ha tilgang til ein eigen plass for studiane. Å ha ein dedikert stad å studere, samt moglegheita til å vere ein del av eit lokalt studentmiljø, er heilt avgjerande for mange. Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på studentstovene, og ein student som har nytta Studentstova på Nordfjordeid sa mellom anna: "Eg får gjort mykje meir her enn heime, og det er kjekt å vere ein del av eit miljø", fortel Kari.

Kven brukar Studentstova?
Brukarane av Studentstovene er varierte, frå studentar som bur fast i regionen til dei som er heime på besøk eller har andre tilknytingar til området. Dette tilbodet kan bidra til å rekruttere framtidige arbeidstakarar til regionen. Eksempelvis har vi sidan opninga av Studenstova på Sandane ,rett før påske, hatt over 90 bookingar. Dette er studentar som både er busett i Nordfjord, samt personar som er heime på ferie. Dette kan vere ei kopling til lokalt næringsliv, seier Kari.

Studiestart – Ny vernepleiestudent i Selje
Ein av dei som gler seg ekstra til studiestart, er Therese Lien Smenes, som har fått plass på den etterspurde vernepleiarutdanninga ved Campus Sogndal. Ho ser fram til å nytte Studentstova i Selje, og seier at tilbodet vil vere svært nyttig for å oppretthalde gode studievanar heime i Selje.

Samarbeid med lokale folkebibliotek
Kari peikar også på at dei lokale biblioteka i Nordfjord er viktige samarbeidspartnarar, og dei tilbyr også tenester som kan støtte studentane i deira utdanning.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 14.08.2024

Fleire saker

Finst det ein jobb for deg med di utdanning i Nordfjord?

Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!

Les meir

Frå kjøkkenbord til digitalt klasserom på Nordfjordeid

Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Les meir
Bilde fra innlegget

Lokale læringsfellesskap kan gi bedre læring i nettbaserte utdanninger

StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet