Scroll top

Studentstova

StudieHub

Foto: Studentstovene i regionen har vore eit svært popullært viktig tilbod til studentar

Studentstova på Eid har sidan januar hatt 155 bookingar, medan Studentstova på Sandane har hatt 85 bookingar sidan påske. Vi manglar data frå Stryn, Iglandsvik og Hornindal.

I juni gjennomførte vi ei evaluering av Studentstova, der 13 brukarar svarte. Av desse er åtte tilsette i offentleg sektor og ein i privat næringsliv. Brukarane er ei blanding av deltids- og heiltidsstudentar. Fire av studentane bur ved studiestaden, men har brukt Studentstova når dei har hatt periodar heime i Nordfjord. Dei ti andre bur i Nordfjord og tek desentraliserte utdanningar. Dei fleste får vite om tilbodet gjennom nettsida vår og sosiale medier, men mange har også høyrt om det via vener, tilsette i kommunen, skilt på døra, lokalavisa og familie.

Dei 13 som har svara, er brukarar av Studentstova på Nordfjordeid, Iglandsvik, Stryn og Sandane. Utdanningane er varierte og omfattar helse, skule, tekniske fag, psykologi og fag frå vidaregåande. Det er studentar som tek fagskuleutdanningar, bachelor- og mastergrader. Når det gjeld utdanningsinstitusjonane, studerer dei ved institusjonar frå Østlandet til Trøndelag.

Avslutningsvis kan vi dele ein gladsak, det blir no oppretta Studentstove også i Selje. Vi kjem med meir info så snart "Stova" er klar for booking. Det har vore eit stort egnasjemt for å kunne få tilbodet også til Selje og vi er svært fornøgde med at dette no er mogleg.

Kari Eldby Rygg

Sist oppdatert: 03.07.2024

Fleire saker

Finst det ein jobb for deg med di utdanning i Nordfjord?

Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!

Les meir

Frå kjøkkenbord til digitalt klasserom på Nordfjordeid

Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Les meir
Bilde fra innlegget

Lokale læringsfellesskap kan gi bedre læring i nettbaserte utdanninger

StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet