StudieHub - Nordfjord Studiesenter ønsker å bidra til eit lokalt studentmiljø for deg som bor og studerer i Nordfjord.
Vi har no oppretta ei privat Facebook-gruppe for studentar som bur i Nordfjord. I denne gruppa er alle velkomne som tar desentraliserte utdanningar innafor Fagskule eller anna høgare utdanning. Er du vaksen og tar fag på vidaregående nivå for å få studiekompetanse? Du er også velkomen i gruppa!
Vi i "StudieHubben" tilbyr mange slags tenestar og vi ønsker å være ei lokal støtte for deg som tar utdanning og bur i Nordfjord. I dag kan vi tilby blant anna moglegheit for å booke seg leseplass ved Studentstover i Stryn og på Nordfjordeid. I stova på Nordfjordeid har vi ei lita boksamling med metodelittaratur til deg som skal skrive bachelor- eller masteroppgåve. Vår daglege leiar har god fagleg kompetanse og kan hjelpe deg med studietekniske spørsmål, alt i frå korleis lage ein PowePiont til korleis skrive ein akademisk tekst. For at vi skal kunne spisse tilbodet vårt til deg, er det ekstra fint dersom vi veit om at nettopp du er student og kva for utdanning du tar. Facebook-gruppa som vi no har oppretta er meint som ein uformell møteplass for studentar i Nordfjord på tvers av fag og utdanningar samt ein plass der du kan ta kontakt med oss i "Hubben". Er du student, meld deg inn i gruppa vår og følg oss via nettsiden vår, Instagram og sida vår på Facebook. Livslang læring der du bur! :)
Følg oss også via:
Sist oppdatert: 16.06.2023
Treng du ein endå kortare versjon, til dømes til ein nyheitsoversikt på framsida, kan du bruke denne: Møt arbeidsgivarar frå Nordfjord på Teams måndag 12. oktober kl. 20. Gratis digitalt studenttreff med rom etter bransje. Meld deg på no!
Les meir
Åtte Elkraft-studentar har teke i bruk det nye hybridrommet hos StudieHub på Nordfjordeid. Her kan dei følgje undervisning frå Fagskulen Vestland saman med studentar andre stader, samtidig som dei får vere del av eit lokalt fagleg og sosialt fellesskap. Hybridrommet er etablert i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.
Les meir
StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.
Les meir