Scroll top

Stor interesse i Nordfjord for sjukepleiar- og vernepleiarutdanningar

Nordfjordingar som ønskjer å ta vernepleiar- eller sjukepleiarutdanning blei torsdag 10. august invitert av StudieHub – Nordfjord Studiesenter (i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Karriere Vestland) til informasjonsmøte om utdanningane samt korleis oppnå generell studiekompetanse som vaksen. Det var stor interesse for temaa.

Foto: Kari Rygg

Stor interesse
Det var 14 interesserte som møtte på Eid vidaregåande skule og minst seks deltakarar som deltok via Teams. I tillegg var det mange som tok kontakt med StudieHub – Nordfjord Studiesenter i forkant av møtet, og som ikkje hadde moglegheit til å delta.

Utdanningane
Tone Skjerdal og Hans Jakob Reite frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) tok turen til Norfjordeid for å orientere om utdaningane. Sjukepleiar- og vernepleiarutdanninga, som blei presentert for deltakarane, er desentraliserte utdanningar ved HVL. Det betyr at ein tar utdanninga på deltid over 4 år og da med ei «studiebelastning» på 75 % kvart år. Vernepleiarutdanninga har opptak kvar haust ved Sogndal, og Sjukepleiarutdanninga anna kvart år ved Førde. Utdanningane organiserast ved samlingar, praksis og noko digital undervisning. HVL tilbyr også utdanningane på heiltid over 3 år. For vaksne som allereie er etablert i Nordfjord, vil det vere mest praktisk å ta desentralisert utdanning.

For å kome inn på vernepleiar- og sjukepleiarutdanninga er det krav om generell studiekompetanse. Når det gjeld sjukepleiarutdanninga er det i tillegg til generell studiekompetanse også eit nasjonalt krav om minimum snittkarakter på 3 i faga norsk og matematikk. HVL har også nokre lokale krav som er knytt til praksis og praksistilknyting. Sistnemnde er under revidering og kan bli endra/justert allereie neste haust.

Fleire av deltakarane spurde om moglegheit for finansiering under utdanninga. Her blei det vist til at nokre kommunar, i alle fall tidlegare, har utarbeida eigne avtalar om løn og tilskot for tilsette som har tatt sjukepleiarutdanninga. Det vil også vere mogleg å søke om stipend og lån via Statens lånekasse.

Opptak til utdanningane hausten 23
I år var det dessverre for få kvalifiserte søkarar til opptaket ved sjukepleiarutdanninga i Førde. Det blir no jobba ved HVL med forslag til eventuelt alternative løysingar knytt til organisering og opptak. Tone og Hans kunne ikkje gje nokre lovnadar no, men gav signal om at det kan vere moglegheiter for at opptakskrav og organisering vert noko justert allereie til neste haust. Eventuelle endringar vil bli bestemt ved HVL i løpet av november. Det ble også nemnd i møtet at HVL vurderer om dei skal gjere nytt opptak på sjukepleiarutdanninga i Førde allereie hausten 24 i staden for hausten 25. Dette da utdanninga, som nemnd, ikkje startar opp denne hausten.

Generell studiekompetanse
Karriere Vestland, ved Stein Inge Strøm, viste til ulike måtar ein kan oppnå generell studiekompetanse på som vaksen, dette dersom ein ikkje allereie er kvalifisert. Stein Inge viste blant anna til 23/5-regelen. Dette er for dei som minimum har fylt 23 år det året dei søkjer opptak, har fem års skule/praksis (realkompetanse) samt standpunkt og/eller eksamen i faga: Norsk (393 timar), Engelsk (140 timar), Samfunnsfag (84 timar), Historie (140 timar), Matematikk (224 timar) og Naturfag (140 timar). Vaksne som allereie har eit fagbrev treng berre fire av desse faga: Norsk (281 timar), Historie (140 timar), Matematikk (140 timar) og Naturfag (84 timar).

Ein kan ha rett på vidaregåande opplæring som vaksen, dersom ein ikkje allereie har fullført og bestått vidaregåande. Stein Inge tilrår vaksne som er i tvil om dei kan ha rett til å kunne ta fag via fylkeskommunen til å søke plass gjennom Vigo. Ein vil da få spørsmålet om vaksenrett avklart og få tilbod om å ta fag via vaksenopplæringa. Det er ingen frist for vaksne og no kan vere eit godt tidspunkt å søke! Vaksne som ikkje har rett til vidaregåande opplæring har moglegheit til å melde seg opp som privatist i fag og eventuelt «kjøpe» seg støtte frå private tilbydarar.

StudieHub – Nordfjord Studiesenter
Desentralisert utdanning kan vere krevjande når det gjeld struktur og sjølvdisiplin, noko som vart påpeika fleire gongar av HVL. Her kan StudieHub – Nordfjord Studiesenter vere til hjelp for dei som tek desentraliserte utdanning. «StudieHubben» samarbeider med HVL (og andre utdanningstilbydarar) slik at studentar kan vere ein del av eit lokalt studentmiljø i Nordfjord. Vi legg blant anna til rette for lokalar til digital undervisning og tilbyr gode leseplassar i våre studentstover. I dag er det studentstover i Nordfjordeid og i Stryn, og det jobbast for å få studentstover også i Svelgen, Iglandsvik og i Gloppen. Leseplass hos «StudieHubben» kan du booke gratis via vår nettside (www.studiehub.no). Måløy vekst har eit tilsvarande tilbod.

Klar oppfordring til deltakarane
Oppfordringa frå oss ved «StudieHubben», HVL og Karriere Vestland til alle dei som ønskjer å ta utdanning desentralisert frå Nordfjord er klar og tydeleg: Bygg «stein på stein» og til slutt er du i mål!

Sjekk ut om du har praksis, fag og karakterar som er i tråd med krava til opptak, gjer det du må for å vere best mogleg kvalifisert og søk plass. Det kan sjå ut som ein lang veg, men startar du no, vil du oppleve i etterkant at tida fram til du er ferdig sjukepleiar eller vernepleiar har gått i ei rasande fart! Nordfjord treng dyktige og kompetente fagfolk innafor helse og omsorg, det er ingenting å vente på!

Kari Rygg

Sist oppdatert: 07.09.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet