Scroll top

SIV, Studiesentera i Vestland

Samarbeidspartnarar

I mai blei nettverket SIV, Studiesentera i Vestland etablert. Nettverket består av dei fire studiesentera i Vestland fylke.

Foto: Vidar Alfarnes

"Saman er vi sterkare"

Det er no snart to år sidan Inviro og StudieHub fekk offisiell status som det fyrste studiesenteret i Vestland. Og på kort tid er vi no blitt fire med HVK studiesenter, Studiesenteret Kysten og Sogn Kompetansen.

Saman dekkkjer vi 25 kommunar og ca. 140.000 personar.

På den fyrste felles-samlinga for studiesentera hjå Vestland fylkeskommune i 7. og 8. mail, vart studiesentera einige om å etablere stukturen SIV (Studiesentera i Vestland).

Samarbeidet vil bestå av erfaring- og kompetanseutveksling, samarbeid om utdanningar, felles avtalar med høgare utdanningsinstitusjonar, studieturar m.m.

Dette var to svært gode dagar som vil styrkje StudieHub og rolla vår i Nordfjord og Sunnfjord som kompetansetilbydar.

Vi er allereie godt i gang med samarbeidet og har allerede presentert oss for Kompetanseforum Vestland på deira møte 21. juni 2024. Vi er fram til eit vidare samarbeid med dei andre studiesentera i Vestland

Øystein Nes og Kari E. Rygg

Sist oppdatert: 03.07.2024

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet