19. juli legger Samordna opptak ut ledige studieplassar. Du finn resteplassane her. Det er derfor fortsatt ikkje for seint å søke om opptak frå hausten. Er det noko du har lyst til å studere, men som du finn ikkje gjennom eigne søk? Visste du at vaksne studentar som tar fleksible utdanningar kombinsert med jobb ofte får svært gode resultater? Dette er vårt inntrykk etter å ha høyrt erfaringene til Studiesenteret i Midt-Troms, som har mange år med erfaring knytt til desentraliserte utdanningar for vaksne i deira region. Det er aldri for seint! Noko for deg? Ta kontakt med Karriere Vestland eller med oss. Det er utruleg mange mogleigheiter som tilbys, men ikkje alltid like lett å finne fram i mengda av informasjon. Vi i StudieHub Nordfjord vil gjerne hjelpe nettopp deg! Hos oss kan du få vere ein del av eit lokalt studiemiljø, få studieteknisk støtte og booke lese- og arbeidsplass i våre studentstovar. Du er hjarteleg velkomen!
Lyst å søke på utdanning frå hausten? Det er fortsatt ikkje for sent. Merk deg datoen 19. juli, da opnar "Restetorget".
Sist oppdatert: 09.06.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir