Scroll top

Praksiskandidatordning - ta fagbrev som vaksen innafor helse eller oppvekst

StudieHub

Fagskolen AOF og Voss og Hardanger næringshage starter opp eit prosjekt frå hausten av, der dei tilbyr teorifaget i både helsefagarbeider og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Manglar du fagbrev og har jobba innafor oppvekst eller helse i fem år eller meir? Da kan dette vere noko for deg!

OPPDATERT INFORMASJON: Du kan lese meir og oppdatert informasjon om tilbudet her

Vi i StudieHub - Nordfjord Studiesenter er så heldige å få delta i prosjektet saman med Voss og Hardanger næringspark og Fagskolen AOF i deira prosjekt, der vaksne kan få ta fagbrev innafor anten helse- eller barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Praksiskandidatordninga betyr at du kan gå opp til fagprøve dersom du har minst fem år med relevant praksis og har bestått teorieksamen innafor programområdet. Frå hausten kan du ta teorifaget frå Nordfjord! Vi har ikkje fått all informasjon enno, men vil oppdatere nettsida vår så snart vi har meir konkret informasjon. Send gjerne ein e-post til Kari, så får du oppdatering på mail. Dette blir kjekt og vi håpar at mange vaksne utan fagbrev grip sjansen til å ta dette no.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 29.06.2023

Fleire saker

Bilde fra innlegget

Lokale læringsfellesskap kan gi bedre læring i nettbaserte utdanninger

StudieHub, Sogn Kompetanse og UiB delte erfaringer fra mikroemnet «Fantastiske data». Lokale samlinger ga deltakerne mulighet til å lære sammen, utveksle erfaringer og bygge nettverk.

Les meir

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet