Vi er stolte av å kunngjere at StudieHub – Fjordane Studiesenter, i samarbeid med Campus Värnamo (Sverige) og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter (Danmark), har starta eit nytt Erasmus+ småskala partnerskapsprosjekt.
Foto: Ture Møller
Prosjektet, kalla "Sammen om livslang læring: Nordisk samarbeid for desentralisert og fleksibel utdanning", har som mål å styrke tilgangen til utdanning for vaksne i distriktsområda.
Prosjektet vil utforske innovative løysingar for å gjere utdanning meir fleksibel og tilgjengeleg, spesielt for dei som bur langt frå tradisjonelle campus. Vi ønskjer å sikre at fleire får moglegheita til å ta utdanning der dei bur, utan å måtte flytte. Gjennom tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet skal vi utvikle bærekraftige utdanningstilbod som fremjar kvalitet og tilgjengelegheit ved våre studiesenter.
Dei fleste arrangementa er gratis og ope for alle!
Det første arrangementet i prosjektet vil bli gjennomført digitalt den 15. november. Dette arrangementet er gratis og ope for alle interesserte. Her vil deltakarane få innsikt i prosjektet sine mål og aktivitetar, samt moglegheita til å delta i diskusjonar om korleis livslang læring kan styrkast gjennom samarbeid på tvers av landegrenser.
For meir informasjon om prosjektet og for å følgje med på komande arrangement, besøk vår nye nettside: nordicstudycenters.org. Du kan også lese meir om prosjektet her.
Vi ser fram til å dele kunnskap, erfaringar og resultat frå dette spennande prosjektet med dykk i tida framover!
Sist oppdatert: 17.10.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir