Måndag 27. mai arrangerte lokallaget til Senterpartiet eit ope møte med forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel
Foto: Sigurd Refsnes
I går hadde vi i StudieHub - Nordfjord Studiesenter (Kari og Øystein) gleda av å møte forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. Ministeren snakka om regjeringa sine prioriteringar og satsingsområde, med eit spesielt fokus på høgare utdanning. Vi delte også nokre av våre erfaringar ved studiesenteret og nytta høvet til å oppfordre sterkt til vidare satsing på desentralisert og fleksibel utdanning i heile Noreg. Vi oppmoda spesielt ministeren til å besøke Campus Värnamo i Sverige for å sjå korleis dei tar i bruk teknologi på ein innovativ måte som reduserer barrierane ved hybrid undervisning.
Vi ser fram til å fortsette dette viktige arbeidet og håper på auka støtte og føreseielegheit knytt til drift, for å kunne tilby endå fleire utdanningstilbod til distrikta.
Sist oppdatert: 28.05.2024
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir