Studentstova på Nordfjordeid har fått nye lokale i SMART-huset – eit moderne bygg med gode fasilitetar for studentar.
Studentstova på Nordfjordeid har no flytta inn i SMART-huset (Sophus Lies vei 1 - nedanfor Operahuset) – eit topp moderne bygg med gode fasilitetar for studentar i regionen.
Her finn du tre leseplassar i lyse og trivelege lokale, og du får tilgang til både kjøkken og møterom. Studentstova ligg rett til høgre etter inngangsdøra, merka med skiltet «Ove-stova».
– Vi ønskjer at Studentstova skal vere ein møteplass og eit godt læringsmiljø for alle som studerer i Nordfjord. Her kan ein kome for å lese, arbeide med oppgåver eller berre ta ein kopp kaffi, seier Kari og Ove ved StudieHub – Fjordane Studiesenter.
Tilgang:
Første gong du bookar plass, ta kontakt med Kari (952 87 575) eller Ove (415 30 810) for å få kode og brikke til inngangsdøra.
Møterom i Bankgata 1 er framleis tilgjengeleg for utlån for studentar knytt til deltaking på nettundervisning eller anna samarbeid.
Du er hjarteleg velkomen!
Sist oppdatert: 02.09.2025
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir