StudieHub er medarrangør når den nordiske konferansen «Livslang læring for berekraftige samfunn» går av stabelen i Bergen 2.-3. oktober 2025.
Foto: Skjermbilde
Korleis kan vi lukkast med livslang læring som verktøy for å fremje sosial berekraft, betre inkludering og styrke like moglegheiter for kompetanseutvikling? Dette er nokre av spørsmåla som står i sentrum når forskarar, fagpersonar og praktikantar frå heile Norden samlast til konferanse i Bergen 2.–3. oktober.
Konferansen «Livslang læring for berekraftige samfunn» vert arrangert av StudieHub – Fjordane Studiesenter, Campus Värnamo og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter, i samarbeid med fleire nordiske partnarar. Arrangementet er delvis finansiert gjennom Erasmus+ midlar for småskala partnarskap.
På programmet står tema som:
Livslang læring i eit samfunnsperspektiv
Pedagogikk og teknikk
Deltaking og inkludering
Fleksible utdanningsmodellar
Konferansen byr på faglege foredrag, panelsamtalar og parallellsesjonar med deltaking frå både forsking, politikk og praksisfelt. Målet er å dele erfaringar, styrke samarbeidet på tvers av regionar og utvikle ny kunnskap om korleis vi kan bygge berekraftige og inkluderande samfunn.
🕊 Earlybird-pris er tilgjengeleg fram til 15. juni. NB: Begrensa antal plassar!
🔗 Les meir og meld deg på via: www.nll2025.org
Sist oppdatert: 05.05.2025
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir