Scroll top

Nordisk konferanse for livslang læring samla deltakarar frå heile Norden

Over 160 deltakarar frå Norden og Skottland møttest i Bergen 2.–3. oktober til den nordiske konferansen for livslang læring. Konferansen vart arrangert av StudieHub – Fjordane Studiesenter i samarbeid med Campus Värnamo og Holbæk Uddannelses- og Studiecenter, som del av Erasmus+-prosjektet Saman om livslang læring.

Korleis kan vi sikre livslang læring i praksis – for fleire, der dei bur, og når dei treng det?
Det spørsmålet samla over 160 deltakarar frå heile Norden og Skottland i Bergen 2.–3. oktober, då den nordiske konferansen for livslang læring gjekk av stabelen.

I løpet av to inspirerande dagar fekk deltakarane oppleve eit rikt program med føredrag, samtalar og kafédialogar – alt med fokus på korleis framtidas utdanning kan vere meir fleksibel, inkluderande og berekraftig.

Konferansen er del av Erasmus+-prosjektet Saman om livslang læring (Together for Lifelong Learning), eit samarbeid mellom Campus Värnamo i Sverige, Holbæk Uddannelses- og Studiecenter i Danmark og StudieHub – Fjordane Studiesenter i Noreg. Prosjektet skal styrkje det nordiske samarbeidet om desentraliserte utdanningsløysingar og byggje bru mellom lokalsamfunn og høgare utdanning.

Fleire av innlegga viste korleis utdanninga kan fornye seg utan å miste kvalitet. Professor Keith Smyth frå University of the Highlands and Islands (UHI) delte innsikt frå arbeidet med å utvikle digitale læringsmiljø som gjer utdanning meir tilgjengeleg, medan kollegaen Dr. Su Bryan løfta fram korleis leiing og organisasjonsutvikling kan støtte innovasjon og mangfald i utdanning. Professor Eva Mærsk frå Aarhus Universitet synte korleis små campus og lokale læringsarenaer kan bli motorar for vekst og livslang læring i distrikta.

Kvalitet og relevans stod også sentralt i fleire av sesjonane. Hannah Grankvist frå Linköpings universitet presenterte forsking på korleis ein kan sikre jamt høg kvalitet i desentraliserte lærarutdanningar, medan Kari Olstad frå Fleksibel utdanning Norge drøfta kva kvalitet betyr når undervisninga skjer utanfor campus. Frå Danmark fortalde Sanne Holm ved UC Nord korleis systematisk vurdering av realkompetanse kan opne dører for fleire vaksne som ønskjer å ta høgare utdanning.

Konferansen viste òg kor viktig samarbeid er for å lykkast. Eline Wigdel frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse peika på korleis studiesentra kan bli ein integrert del av eit nasjonalt system for kvalitet i utdanning. Frå Holbæk og Värnamo fekk deltakarane høyre korleis kommunar, universitet og næringsliv samarbeider om utdanningstilbod som er tilpassa lokale behov.

I parallellsesjonane og kafédialogane delte deltakarane eigne erfaringar og nye idear. Alex Walker og Wendy Jessiman frå UHI viste korleis digitale praksisfellesskap kan styrkje læring og deltaking, medan Anna-Wendy Stevenson peika på verdien av å knyte utdanning tettare til lokalsamfunnet.

Konferansen vart avslutta med ein engasjert paneldebatt om korleis vi kan sikre kvalitet og rettferdig tilgang til utdanning – uavhengig av kvar ein bur. Her deltok mellom andre statssekretær Emil Raaen, rektor Torbjørn Mjelstad, og representantar frå Värnamo og Holbæk kommunar.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 10.10.2025

Fleire saker

Invitasjon: Bachelor-prosjekt, Informasjonsteknologi 2026

Dette er ei verdifull moglegheit for bedrifter til å få utført konkrete utviklingsoppgåver, teste ut nye idear – og knyte til seg kompetente IT-studentar som kan bli framtidige medarbeidarar.

Les meir

Tilbyr utdanning med full løn

Industriens kompetansefond gjer at tilsette i industrien kan ta korte fagskuleutdanningar med full løn i inntil to veker. I piloten hausten 2025 tilbyr Fagskulen Vestland fire relevante studium. Målet er å styrkje kompetansen og konkurransekrafta i norsk industri. StudieHub kan hjelpe både bedrifter og tilsette med neste steg.

Les meir

Gratis webinar: Fagbrev som vaksen – dine moglegheiter

Webinaret Fagbrev som vaksen – dine moglegheiter gir deg oversikt over dei ulike vegane til fagbrev for vaksne, tips til korleis du kan bruke erfaring og utdanning du har frå før, og råd om korleis du kan kome i gang. Passar for alle som vurderer å ta fagbrev eller bytte yrkesretning.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet