Scroll top

Nordfjord Futurum

StudieHub

Frå januar 2024 håpar vi i StudieHub Nordfjord å kunne tilby etter- og vidareutdanning innan leiing og administrasjon lokalt i Nordfjord, levert av Høgskulen på Vestlandet. Dette skal kombinerast med nettverks- og relasjonsbygging blant noverande og framtidas leiarar i regionen.

OPPDATERING 30.8.23 - På grunn av manglande finansiering vil det ikkje bli oppstart som skissert nedanfor. Interessa for prosjektet syner at det er eit behov for ei fleksibel og desentralisert leiarutdanning (og nettverksbygging) i regionen vår, og derfor svært viktig å få til. Vi er allereie i gong med alternative løysingar, som vi vil arbeide vidare med. Målet vårt no er å kunne gi eit likande tilbod (med lågare studentavgift) og med oppstart allereie hausten 2024. Vi er i dialog med fleire høgare utdanningsinstitusjonar for å få til eit opplegg som ikkje krev at vi i StudieHubben må søkje offentleg støtte for å få gjennomført tiltaket.

Målgruppa for utdanninga er personar i Nordfjord som i dag har leiarstillingar, har ambisjonar om å bli leiar eller som ønskjer kompetanseheving innan fagfeltet.

Målsettinga er at vi skal ha ei heil «klasse» frå Nordfjord, og at nettverket som blir skapt gjennom desse to åra skal vere med å bygge relasjonar, forsterka samarbeid og bidra til å utvikle og legge til rette for lokal verdiskaping i Nordfjordregionen i mange år framover.

Heile utdanninga blir gjennomført lokalt i Nordfjord gjennom Høgskulen i Vestland, og organiserast gjennom fysiske samlingar og digital undervisning.

"Kick-off ": onsdag 1. november!
Oppstart utdanning: Januar 2024
Avslutning: Desember 2025

Du kan lese meir her. (oppdatert 15.6.23)

Kari Rygg

Sist oppdatert: 26.05.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet