Scroll top

Nettbaserte og fleksible deltidsutdanninger - hausten 2024!

StudieHub

Vi i StudieHub - Nordfjord Studiesenter er glade for å informere om at vi har samla alle fleksible og desentraliserte utdanningstilbod som er utlyste på Samordna opptak sine nettsider, i eit oversiktleg Google-skjema.

Foto: Tim Gouw

Skjemaet inneholder utdanningar som er deltid, fleksible og desentraliserte, inkludert nokre som tilbyr samlingar i vår region. Utdanningane er organiserte etter kategoriane høyere yrkesfaglig utdanning og høyere utdanning, med fagområde som teknisk, helse- og omsorg, samt "annet". Vi har endå ikkje inkludert utdanningar innanfor oppvekst og pedagogikk, men dette vil bli lagt til ved funn.

Grunna variasjonar i korleis utdanningsinstitusjonane rapporterer om sine program, kan det vere at nokre fag og utdanningar ikkje er med i oversikten. Ved å besøke skjemaet finn du også lenker til dei ulike utdanningsprogramma, som spenner frå fagskoleutdanningar i BIM, til ingeniørutdanningar, sjukepleie og landbruksutdanningar. Vi set pris på om de merker av kor aktuelle dei ulike utdanningane er for de, slik at vi kan arbeide mot å etablere lokale grupper der det er stor interesse.

Gå inn i skjemaet her: https://forms.gle/QtnoLhg9bbCbKr4w7

Kari Rygg

Sist oppdatert: 19.02.2024

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet