Scroll top

Nettbaserte emner i leiing, økonomi og administrasjon - Nordfjord Futurum!

Ønskjer du å lære meir om leiing, økonomi og administrasjon? Her er eit godt tilbod til deg.

OPPDATERING: Dektakere på emnet "Foretaksstrategi" skal ha første oppstartsamling 9. januar kl. 17.30-20.00 på Nordfjordeid. Har du du fått plass på dette emnet, send en e-post til kari@inviro.no for å melde deg på samlingen lokalt hos oss.

StudieHub Nordfjord Studiesenter planla i vår eit prosjekt som fekk namnet Nordfjord Futurum, leiarar i utvikling og vekst. Vi fekk dessverre ikkje midlar til å realisere prosjektet frå hausten 23, men no kan vi gje eit tilsvarande tilbod gratis til leiarar og andre interesserte i Nordfjord. Gjennom nettverket vårt, SkillUp Network har vi no fått tilbod om fleire emne innafor leiing, økonomi og administrasjon. Emna er nettbasert, og dei er gratis! Semesteravgift og innkjøp av pensum vil vere einaste kostnad knytt til utdanningane. NB: Søknadsfrist 1. desember.

Til våren tilbyr vi fleire emne (se oversikt nedanfor) og vi har fått forsikringar om at tilbodet om nettbaserte emne innanfor leiing, administrasjon og økonomi vil fortsette. Det kan bli justeringar knytt til emna i planen vi har satt opp nedanfor (frå hausten 24 til hausten 26).

Vi har valt å prioritere eitt enkeltemne for kvart semester over ein periode på tre år. Dette for å kunne nå målsettinga om å etablere eit verdiskapande nettverk for leiarar samt for personar som kanskje på sikt ønskjer seg ein leiarrolle i Nordfjord. Våren 2024 (oppstart januar) har vi valt å prioritere emnet Foretaksstrategi, og deltakarar på dette emnet vil bli invitert til nettverksmøter/samlingar knytt til utdanninga. UIT tilbyr også fleire emne i tillegg til foretaksstrategi og disse er sjølvsagt også mogleg å ta. Vi i StudieHubben skal legge til rette for nettverksbygging for deltakarane som tar Foretaksstrategi, det samme gjelder for de øvrege utheva emna i planen nedanfor. For å være sikra plass i nettverket ber vi deg sende bekrefting til Kari når du har søkt opptak til emnet Foretaksstrategi ved å sende e-post til kari@inviro.no.

Foreløpig plan:

Vår 24:

Høst 24:

  • Organisasjonsteori og ledelse

Vår 25:

  • Organisasjonspsykologi

Haust 25:

  • Rekruttering og arbeidsrett

Vår 26:

  • Grunnleggende regnskap og analyse

Haust 26:

  • Ledelse av prosjekt

Alle emnene er 10 stp.

SØK HER

Hjelpetekst for søknad:

  • Logg inn
  • Vel UIT Norges arktiske universitet
  • Vel enkeltemne, bachelornivå termin vår 2024.
  • Vel fra lista: 9199 Enkeltemner ordinær og nettbasert, (ikke realfag, 9199) – bachelornivå 0sp
  • Husk å trykke legg til
  • Skriv i meknadsfeltet namn på emne (foretaksstrategi - BED-2003NETT)
  • Lykke til. 😊

Det er bare å melde seg på!

Kari Rygg

Sist oppdatert: 13.11.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet