Scroll top

Leik og læring med digitale verktøy i barnehagen

Fagskulen Kristiania tilbyr no gratis og nettbasert fagskuleutdanning i "Leik og læring med digitale verktøy i barnehagen". 

Jobbar du med barn og vil styrke din kompetanse om barnehagen sin digitale praksis? Dette studiet lærer deg å nytte ulike digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet.

Studiet er eit nettstudie (30 stp.) og gjennomførast på deltid over eit år, slik at det lar seg kombinere med familie og jobb. Du vil få tilbod om å delta på samlingar ved Studiesenteret i Tynset, Lyngdal eller Dalane. Samlingane er ikkje obligatoriske. Som student vil du delta jevnlig på undervisning saman med faglærar og medstudentar i eit digitalt klasserom. Du får ein fremdriftsplan og må levere obligatoriske oppgåver til fastsette fristar. Fagskulen Kristiania er ansvarleg for utdanninga.

Utdanninga gir deg kompetanse til å kunne arbeide med digitale verktøy i barnehagen, tilpassa aldersgruppa 1-6 år. Du vil få kunnskap om etiske problemstillingar knytt til bruk av digitale verktøy, samt korleis du kan vurdere verktøyet sin relevans og kva det kan brukast til.

Vidare lærer du å legge til rette for utforskande og skapande leik og læring gjennom ulike digitale verktøy. Studiet gir ei innføring i alt frå pedagogiske appar og spel til koding og programmering for barn.

I løpet av studiet lærer du blant anna om:

  • Digital praksis i barnehagen
  • Digital dømekraft og etikk
  • Leik- og læringsprosessar
  • Prosjektarbeid i barnehagen

Les meir om utdanninga og søk her.

Kari Rygg

Sist oppdatert: 28.11.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet