Hovudfokuset på samlinga er «Lokal verdiskaping», der vi vil fokusere på:
1: Mennesket i fokus
2: Kva kan vi gjere i lag
Forsking viser at det å bygge eller vedlikehalde eit nettverk / bedriftsnettverk er svært sentralt for utvikling og vekst av/i bedrifter.
Samstundes veit vi at privat og offentleg næringsliv i Nordfjord har svært mykje kompetanse innan mange ulike bransjar og næringar.
Men kan vi sei at vi kjenner til alt av produkt og tenester som blir levert i regionen? Kjenner vi kvarandre (godt nok)? Er ein flink nok til å promotere seg sjølv og si eiga bedrift? Er ein flink nok til å «handle lokalt»? Er vi gode nok på samarbeid i regionen?
Dersom svaret på alle desse spørsmåla er ja, då kan vi berre kansellere denne samlinga, og heller fokusere på vidare vekst.
Men vi trur vi kan bli ein unik region med tanke på lokal verdiskaping og samarbeid på tvers av kommunegrenser blant både privat og offentleg næringsliv. Sjølv om vi allereie er god på dette, er der framleis eit stort potensial.
Vi meina at gode nettverk blir skapt når ein har ei felles målsetting og ein langsiktig strategi for samarbeid, og vi har sett andre eksempel i distrikts-Noreg (Eksempelvis prosjektet Havbruk Nord, Raufoss Klynga, Nordic Edge m.fl.) og kva regionale effektar eit lokalt nettverk kan ha å bety for lokal verdiskaping.
I løpet av denne lunsj til lunsj samlinga lovar vi at det ikkje skal bli to dagar med Power-Point presentasjonar, men du skal i løpet av samlinga få moglegheit til å:
På årets samling har vi, som nemnt, fokus på mennesket, dialog og kva vi kan gjere i lag.
Men vi er allereie i gang med tankar kring framtidige samlingar med tema/innhald både knytt til bedriftsbesøk, sirkulærøkonomi, berekraft, strategi, samarbeidsprosjekt m.m.
Her vil vi i etterkant av samlinga sende ut både eit tilbakemeldingsskjema, samt moglegheit til å foreslå framtidige tema på leiarsamlingar i Nordfjord.
Ta kontakt med Arild Hjelmeland om du har nokre spørsmål
E-post: Arild@inviro.no
Telefon: 456 00 526
Sist oppdatert: 14.06.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir