Scroll top

Kommunal økonomi (nettbasert studium - 15 stp.)

Høgskulen i Volda tilbyr i vår eit nettbasert emne i kommunal økonomi.

Studiet gir relevant kunnskap som er etterspurd i offentleg sektor. Høgskulen har dyktige forelesarar frå kommunar som kjenner fagfeltet svært godt.Studiet er spesielt retta mot tilsette i offentleg sektor, men høver også for folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt i dette saksfeltet.

Studieprogrammet gir kompetanse i økonomisk styring og styringsreiskapar i kommunar. Studentane får kunnskapar om regelverk, rammevilkår og rutinar, til dømes i samband med økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar.

Du må ha genrell studiekompetanse for å søke, elles er det er ingen krav til forkunnskapar. Det er løpande opptak fram til studiet er fullteikna.

Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning på bachelornivå. Det kan også takast som valfritt emne for studentar i bachelorstudium. Opplegget passar bra for leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt på dette saksfeltet. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

  • Nettleksjonar
  • Videoopptak av enkelte forelesingar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.

Læringsutbytte ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal har kunnskap om

  • intern økonomisk styring av kommunar
  • styring og styringsreiskapar
  • regelverk, rammevilkår og rutinar
  • økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
  • reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ei heimeoppgåve (om lag 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere vurdert til å ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Er dette noko for deg eller din kommune? 

Les meir her og søk plass! 

NB! Det blir samling i Nordfjordeid for deltakarar, men tidspunkt er førebels ikkje klart. Søk plass ved høgskulen og send e-post til kari@inviro.no for å registrere deg på den lokale samlinga.

Tekst henta fra Høgskulen i Volda sine nettsider og noko omskrive av Kari Rygg

Sist oppdatert: 28.11.2023

Fleire saker

Lokale samlingar gir meirverdi i mikroemnet Fantastiske Data

Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.

Les meir

Together for Lifelong Learning – nordisk samarbeid for livslang læring der folk bur

Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.

Les meir

God start på helseleiarutdanninga i Nordfjord - våren 2026!

Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.

Les meir
Sjå alle saker i arkivet