No kan du delta på utdanning knytt til digitalisering, HMS og industriell styring gratis via nett.
Fagskolen i Rogaland tilbyr utdanninga i samarbeid med SkillUp Network, som Inviro og StudieHub - Nordfjord Studiesenter er ein del av. Dette er ein flott moglegheit til å sikre seg auka kompetanse innafor nemde fagområde. På eit år kan du ta til saman 30 stp! Undervisninga er på kveldstid.
Kven passar emnet for?
For deg som ønskjer fagkunnskap om prototyping, materialteknologi, automasjon, digitalisering og styring. Dette er viktige element for industrien, og er ein integrert del av arbeidsdagen for mange bedrifter.
Kva vil du lære på emnet?
Føremålet med utdanninga er å gje arbeidstakare i produksjonsindustri, gründer- og teknologibedrifter eller andre verksemder kompetanse og innsikt til å vurdere moglegheiter for ny teknologianvending.
Kan dette vere noko for deg?
Sist oppdatert: 17.10.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir