Emnet gir ei innføring i arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og vil ha eit spesielt fokus på teoretisk og metodisk innføring i GIS som planverkty. Konkrete arealplanar og arealplanprosessar vert brukt i undervisninga for å halde eit praksisnært fokus i emnet.
Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium ved Høgskulen i Volda eller ved annan institusjon.
Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Undervisinga i emnet går over eitt semester. Undervisninga er lagt opp med leksjonar, oppgåveinnlevering og kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. Emnet vert undervist som eit campusemne ved Høgskulen i Volda, men det vert også lagt til rette for å kunne fylgje emnet som eit reint nettstudium. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med fagtekstar på omlag 1200 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen.
11. januar kl. 12.00-14:30 er første undervisningsøkt. Vi i StudieHubben inviterer studentar på emnet frå Nordfjord til oss, slik at de kan delta saman på undervisninga i våre lokaler på Nordfjordeid. Etter at du har fått bekrefta opptak, send e-post til kari@inviro.no, slik at vi veit om at du kjem.
Sist oppdatert: 29.11.2023
Første lokale samling i mikroemnet Fantastiske Data ved StudieHub – Fjordane Studiesenter viser at kombinasjonen av digital undervisning og fysiske treff lokalt gir auka læringsutbytte, betre fellesskap og meirverdi for studentane.
Les meir
Together for Lifelong Learning er eit Erasmus+-prosjekt som har styrkt nordisk samarbeid om livslang læring og desentralisert utdanning. Prosjektet er avslutta med digital konferanse, men samarbeidet går vidare med planar om nytt Erasmus+-prosjekt og utvida partnarskap.
Les meir
Første samling i emne 1 i helseleiarutdanninga er gjennomført med 36 deltakarar frå fem kommunar i Nordfjord. Emnet fokuserer på myndiggjørande og tillitsbasert leiing, personleg leiarutvikling og praktiske verktøy. Deltakarane er også inviterte til Zotero-workshop for støtte i akademisk skriving.
Les meir